H.M. Kong Harald V
Det norske kongehuset
I høve den nasjonale sørgeperioden har regjeringa sendt ut ein vegleiar.
Vegleiar til den nasjonale sørgeperioden
I vegleiinga er det mellom annan særskilt informasjon for private arrangement, og kultur- og idrettsarrangement i den nasjonale sørgeperioden.
Ulstein kommune ønskjer difor å informere dei som har arrangement i Ulstein i denne perioden om å gjere ei sjølvstendig vurdering av sine arrangement i høve vegleiaren.
Ulstein kommune oppmodar arrangørar med skjenkeløyve til å vurdere om det er naturleg å ta særlege omsyn til den nasjonale sørgeperioden ved gjennomføringa av arrangementet.
Punkt 5. Private arrangement
Private arrangement som fødselsdagsfeiringar, dåp, namnefest, konfirmasjonar, bryllaup og gravferder kan gjennomførast som normalt, med mindre arrangøren sjølv ønskjer noko anna.
Punkt 6. Kultur- og idrettsarrangement mm.
Kultur- og idrettsarrangement kan gjennomførast som planlagt, og underhaldningsarenaer kan haldast opne, med mindre arrangør eller eigar sjølv ønskjer å avlyse, utsette eller stenge.
Det kan vere naturleg at arrangørar markerer den nasjonale sørgeperioden. Dette kan til dømes skje ved at det vert haldt eitt minutt stillheit, at nasjonalsongen vert spelt i starten av arrangementet, og/eller at utøvarar ber svarte armbind.
På sjølve gravferdsdagen kan arrangørar vurdere å avlyse eller utsette arrangement eller stenge underhaldningsarenaer. Ei slik avgjerd må takast i den enkelte organisasjon. Dersom kultur- eller idrettsarrangement eller andre arrangement er planlagt på gravferdsdagen, kan arrangør også vurdere å justere tidspunkta slik at dei ikkje er samstundes som gravferdsseremonien og tilhøyrande prosesjonar.
For arrangørar i Oslo kan det vere behov for å ta særlege omsyn på gravferdsdagen, både av praktiske årsaker og for å ta i vare ei verdig ramme for gravferda.