Ulstein ungdomsskule har vore MOT-skule i 20 år.
Ulstein kommune
Måndag 23. november vert det arrangert MOT til å glede-dag over heile landet.
Ulstein ungdomsskule har vore MOT-skule i 20 år, og rektor Trond Berg fortel at ungdomsskulen har bygd ein kultur på verdiane i MOT si verktøykasse.
– Alle skal kjenne at dei betyr noko når dei kjem inn dørene til ungdomsskulen. Fordi det betyr noko at dei kjem hit. Dei betyr noko for fellesskapen. Kvar elev vi kan berge frå utanforskap har ein kjempestor samfunnsdimensjon som ikkje kan målast, seier rektor.
- Og dette er ikkje eit blaff som berre varer denne dagen. Dette er verktøy vi tek med oss for å møte ungdom som har nokre vanskelege dagar. Det er lov å vere lei seg, men ein skal kome seg vidare.
F.v.: Utviklingsleiar for jente- og damefotballen i Hødd, Vibeke Innselset, rektor ved Ulstein ungdomsskule, Trond Berg, og leiar i Hødd Samfun, Lars-Petter Rønnestad.
Ulstein kommune
Skulen som samfunnsbyggar
Skuledagen startar med ei samling for alle elevane i aulaen, der skuleungdomar som er MOT-ivatorar held appellar og Fjøresteinane underheld med musikk.
Hødd IL vil også kome til samlinga for å fortelje om det å vere MOT-klubb.
På måndagskvelden blir det felles foreldremøte med temaet «MOT som verktøy i skule og fritid.
Møtet byrjar kl. 18.00.
- Vi håpar så mange foreldre som mogleg vil vere med oss på denne kvelden. Det er dei som står ungdomane nærast og er bindeleddet mellomskule og fritidsaktivitetar. Kva som skjer på skulen og fritida heng i hop, både på godt og vondt. Det ungdomane opplever på trening og anna fritid tar dei med seg på skulen, og motsett, seier rektor Trond Berg.
– Alle er verdifulle
Hødd IL er inne i sitt andre år som MOT-klubb, og vil vere til stade på MOT til glede-dagen på ungdomsskulen og på foreldremøtet måndag kveld.
– I tråd med MOT-verdiane er Hødd ein klubb der det er plass til alle. Vi seier hei og har respekt for kvarandre, uavhengig av om ein driv med breiddefotball eller akademi. Det er ikkje slik at dei som er betre i fotball er betre menneske eller meir verdt enn andre. Alle skal bli sett og møtt på ein god måte, seier leiar for Hødd Samfunn, Lars-Petter Rønnestad.
- Det er nok ein del ungdomar som kan oppleve å bli skuffa når dei kjem i alderen der det blir meir selektering i idretten. Då er det viktig at ungdomane lærer seg korleis ein taklar motgang. Livet går vidare, seier utviklingsleiar for jente- og damefotballen i Hødd, Vibeke Innselset.