FAU-leiar Marianne Ertesvåg og Ole Terje Sukka frå Ulstein kommune.
Ulstein kommune
Kvar morgon stiller frivillige foreldre opp for å hjelpe til med trafikkavviklinga kring barneskulen og passe på at elevane kjem seg trygt fram.
Morgonfuglane står i kryssa og overgangsfelta rundt barneskulen, der det ofte kan vere mykje trafikk i tida før skulestart.
- Morgonfuglane ønskjer borna «god morgon» og hjelper dei trygt over vegen. Så kan vi også minne dei som er seint ute om å skunde seg litt, smiler Marianne Ertesvåg i FAU og Ole Terje Sukka frå skulekontoret i Ulstein kommune.
Foreldre i alle klassene på Ulsteinvik barneskule bidreg med frivillige, og Morgonfuglane vil vere til stade kvar skuledag til ut på våren.
– Det er mange kryss og bakkar i området rundt skulen, og vi håpar dette vil bidra til ein tryggare skuleveg. Vi håpar også at initiativet vil gjere trafikantane meir fokuserte på at dei er inne i ei Hjartesone, og tek ekstra omsyn til elevane på veg til skulen, seier FAU-leiar Marianne Ertesvåg.
Det er mykje trafikk i området på oppsida av bareneskulen i tida før skulestart.
Ulstein kommune
- Alle må ta eit tak for fellesskapen
- Det er framleis mange som leverer born på oppsida av skulen. Når fleire bilar køyrer inn i dette området samtidig som mange elevar kjem gåande og syklande, kan det fort oppstå uoversiktlege og trafikkfarlege situasjonar. Derfor må dei som køyrer borna til skulen nytte nedsida til levering. Her er både god plass og mykje meir oversiktleg og trygt. Vi må alle ta eit tak for fellesskapen og endre på køyremønsteret og vanane våre i leverings- og hentesituasjonane. Endå betre er det om fleire elevar som har høve til det, kan gå eller sykle til skulen. Då får vi mindre trafikk rundt skulen og ein tryggare skuleveg for alle, seier Ole Terje Sukka.
Han håpar også at Morgonfuglane kan bidra til større forståing for trafikksituasjonen rundt skulen.
- Når foreldre sjølve står som Morgonfuglar, får dei sjå kor mykje som skjer på kort tid før skulestart. Vi håpar det kan skape ei felles forståing av kor viktig det er at vi alle bidreg til å gjere området rundt skulen så trygt som mogleg, avsluttar han.
Morgonfuglane ønskjer elevane god morgon og hjelper dei trygt over vegen.
Ulstein kommune