Nokre av Ulstein-ungdommane var med for første gong, medan andre har vore med fleire år på rad. Konklusjonen frå alle: «UKM er veldig gøy, inspirerande, motiverande og det er kjekt å møte nye folk og få nye venner».
UKM står for «Ung Kultur Møtest», og under UKM fylkesfestival vart ungdommar frå heile fylket samla for nettopp dette. UKM er ein stad for å skape nye vennskap og møte andre som deler same interesse for musikk, dans, kunst og andre kulturuttrykk. Arrangøren, Møre og Romsdal fylkeskommune, la opp til ulike workshopar, sosiale aktivitetar og fleire sceneframsyningar gjennom dei tre dagane. Hovuddelen av programmet tok plass i det nye kulturhuset Normoria.
UKM-satsing
Ulstein kommune fekk i fjor haust 200.000 kroner frå Ungdom og Fritid for UKM-satsing. Dette resulterte i fleire ulike workshopar gjennom vinter og vår, UKM gaming-arrangement i mars, og den tradisjonelle UKM-lokalfestivalen, som vart arrangert i april.
Av dei som har delteke lokalt er det sju ungdommar som har fått tilbod, og takka ja til å vere med på årets fylkesfestival. Ei av dei som er med for første gong var Liv Torvund Måseide (13), som var påmeldt innanfor dataspel, etter at ho deltok og vann Ulstein sin «Minecraft byggekonkurranse» under UKM Gaming-arrangement.
Minecraft som dataspel, utstilling og film
- Eg trur Liv si deltaking i fylkesfestivalen var historisk ved at ho var påmeldt med sitt Minecraft byggverk både innanfor dataspel, men i tillegg vart bilete av byggverket vist gjennom utstilling, og det vart også vist ein kort film frå scena, som viste det Liv har laga i Minecraft, fortel Marie Flatin, som var ein av reiseleiarane som fulgte gjengen frå Ulstein til Kristiansund.
I tillegg til Liv hadde Ulstein med to andre som var med på UKM fylkesfestival for første gong. Susanne Digre (13) deltok på scene med drill/dans og Ahmad Kalil (14) var påmeldt media, og var med på fleirkamera i tillegg til å fotografere deltakarar på scena.
Ulstein hadde også med nokre ungdommar som har delteke på UKM gjennom fleire år. 18-åringane Astrid Eline Breivik Anderson og Ingrid Malme Lauvstad deltok som kunstnarar, medan Shahed Mahamid (17) og Trym Torson Sævik (18) var med som unge arrangørar. Medan Shanett var på scenerigg hadde Trym oppgåver med fleirkameraproduksjonen.
I tillegg var David Sivertstøl frå Ulstein med i bandet Absolutt Majones, som også deltok på lokalfestival i Ulstein. På fylkesfestival representerte bandet Volda og Ørsta, sia dei fleste av bandmedlemmane er frå desse kommunane.
Sist men ikkje minst var også Ulstein-jenta Julia Szymanska med på årets fylkesfestival. Julia er med i UFA, som er ungdomsgruppa som arrangerer UKM fylkesfestival saman med tilsette i fylkeskommunen. Julia fikk æra av å opne årets UKM fylkesfestival i Kristiansund.