F.v. Ariam Bokure, Vedrana Terzic, Marie Flatin, Linus Kopperstad og Natalie Strandebø jublar over millionsatsing på barn og unge i Ulstein. Dei gler seg til å opne fritidsklubben Ulstein Arena, og fylle den med aktivitetar og arrangement, i tett samarbeid med ungdommar.
Ahmad Kalil, UKM Ulstein
Ung Arena Ulstein søkte i vår pengar for å starte ein ny fritidsklubb til ungdom i kommunen. Over 60 aktørar søkte, og Ulstein vart ein av 26 heldige. Med dette er Ulstein ein del av det store «Fritidsklubbløftet», der Gjensidigestiftinga har gått inn med 271 millionar kroner til Ungdom og Fritid, for satsing på fritidsklubbar gjennom eit femårig prosjekt.
Fritidsklubb er den andre mest populære fritidsaktiviteten i Noreg, og den med færrast barrierar for å delta. Fritidsklubbløftet er starten på det ein håpar blir eit stort og varig løft for fritidsklubbar over heile landet.
Ulstein Arena Fritidsklubb
Ulstein kommune har fått støtte til etablering samt to års drift av fritidsklubben, som skal halde hus i Ulstein Arena. Ung Arena Ulstein skal saman med ungdommar finne ut korleis den nye fritidsklubben skal vere.
-Ungdommar har alt medverka, og var årsak til å søke om etablering av ny fritidsklubb. Ulstein-ungdom har uttrykka at dei ønsker seg meir plass og fleire mulegheiter. Ulstein Arena Fritidsklubb kan gi rom frå alt til gaming og møte venner – til kreative og fysiske aktivitetar, seier SLT-koordinator, Vedrana Terzic i Ulstein.
Takka vere midlar frå det pågåande folkehelseprosjektet frå stat og fylkeskommune, har Ung Arena Ulstein alt fått testa ut aktivitetar i lokala til det som no får namnet Ulstein Arena Fritidsklubb.
Bell Ungdomsklubb
-Vi har Bell Ungdomsklubb, som dei siste åra har vore mest nytta av dei yngre ungdommane etter satsing på klassefestar og MOT-klubb for 6.-7.trinn under og etter pandemi. Bell held fram som før, samt med ei satsing på UKM og eit nytt tilbod som snart skal starte, fortel leiar ved Bell Ungdomsklubb, Marie Flatin.
Bell Ungdomsklubb, i samarbeid med Ulstein Frivilligsentral og Ulstein Bibliotek, var grunnlaget for prosjekt «Ung Arena Ulstein», som i dag er paraplyen for det lågterskel forebyggande og kulturelle barne- og ungdomstilbodet i Ulstein.
Gjennom dette prosjektet fekk Vedrana Terzic jobb, og er i dag fast tilsett i Ulstein. Saman med Flatin er det delar av hennar stilling som er kommunen sin eigendel for å få midlar til etablering av den nye fritidsklubben.
-Med dei nye midlane sikrar vi at aktivitetane vi har hatt ved Ulstein Arena kan halde fram, og utviklast vidare i samarbeid med ungdommane. Midlane går førsdt og fremst til ressursar tilsette, legg dei til.
Fleire aktivitetar og arrangement
Aktivitetar i regi av Ung Arena Ulstein på Ulstein Arena per i dag er gaming for ulike aldersgrupper, 5.-7.trinn og 8.trinn-Vg3 kvar skuledag, «Etter skuletid – open hall» måndag til torsdag, samt «ChillZone» med ope bibliotek og open idrettshall kvar fredag.
-Målet er å halde fram med desse aktivitetane, samt bruke lokala til ulike workshopar i både interne og eksterne samarbeid. Innhald skal ungdommane få bestemme, fortel Natalie Strandebø.
Med midlane har ein også sikra at Strandebø kan halde fram i ei hundre prosent stilling i Ulstein. Ho er 60 prosent fast ved Ulstein Frivilligsentral UNG, og vil frå nyåret ha ei 40% stilling ved den nye fritidsklubben.
-Vi skal ha opningstider tilpassa ulike aldersgrupper, med særleg vekt på å inkludere ungdom som ikkje deltek i organiserte aktivitetar. I denne omgang skal vi gjere nokre utbetring av lokala, og bruke tida godt på medverknad med ulike ungdomsgrupper, samstemmer gjengen ved Ung Arena Ulstein.
- Engasjement i Ulstein
I dag står om lag 70 kommunar utan ein fritidsklubb. Samtidig har ungdom dei siste åra gitt tydeleg uttrykk for at dei ønsker ei styrking av fritidsklubbane i Noreg. Dette kom fram i Ungdata-undersøking og i rapportane BUSK, Oppdrag 31 og «Et bra sted å være slik barn og ungdom ser det». Difor skal det gjennom «Fritidsklubbløftet» etablerast 26 nye klubbar, der ni av klubbane kjem i kommunar utan fritidsklubb frå før.
-Det er fantastisk å sjå det store engasjementet for den nye fritidsklubben i Ulstein, og vi gler oss til å sjå tilbodet komme på plass. Satsing på fritidsklubbfeltet har vi ønska oss lenge, og vi er så glade for at Gjensidigestiftelsen valte å gjere denne historiske satsinga. Det kjem til å bety mykje for mange barn og unge i åra framover, seier generalsekretær, Emma Portin, i Ungdom og Fritid.
For at dette skal bli eit varig løft, oppmodar Ungdom og Fritid om at både offentlege og private aktørar blir ein del av «Fritidsklubbløftet», slik at fleire barn og unge får det fritidstilbodet dei ønsker seg. - Vi ønsker Ulstein kommune masse lykke til med satsinga, avsluttar Portin.