Ulstein kommune
Etterpå var det leik og aktivitet på dei ulike romma og krokane i barnehagen. Veldig positivt at vi som er fordelt på to ulike bygg kan møtes slik og gjere noko saman. I dag var det ROM FOR ALLE.
Vi avslutta markeringa med å ete deilige pizzasnurrar til lunsj.
Her er meir informasjon om dagen:
“Inkludering og fellesskap er ein viktig del av barnehagen sitt pedagogiske
arbeid, og årets slagord, "Rom for alle", understrekar at barnehagen skal
vere ein stad der alle barn føler seg velkomne og verdsatte, uavhengig av
forutsetningar “
Forsking viser at inkludering i barnehagen handler om å skape et fellesskap der alle barn føler tilhørighet, blir sett og anerkjent og kan delta aktivt i leik og læring.
Dette krever at dei vaksne, ser på mangfold som ein ressurs, og jobbar aktivt for å fremje eit inkluderande miljø for alle barn. -Inkludering handlar ikkje om å gjere barn klare for fellesskapet, men fellessakapet klart for barna.
Barnehagen vil markere barnehagedagen 2026 tysdag 10. mars gjennom å samle alle til ei felles samling på Joelva. Vi vil med samlinga og det å vere ilag, vise at vi er eit stort fellesskap. Her høyrer eg til, her er det plass til meg og eg er viktig i det store felleskapet.
Innhaldet i samlinga vil gi rom for at alle har ein plass i Sundgotmarka barnehage, om ein er 1 år eller 6 år så vil samlinga ha element som inkluderer alle.
Program for dagen:
Samlingstund på Joelva: 9.15 (ca)
Aktivitetar/ leik i raudebarnehagen: Vaksne opnar romma i barnehagen og legg til rette
for ulike leik og fellesskap.
Lunsjmåltid: 11.00 (ca) Pizzasnurrar