Lurer du på kva kommunen har lagra i arkiva sine om eigedomen din?

Lurer du på kva kommunen har lagra i arkiva sine om eigedomen din?

No kan du enkelt kjøpe tilgang til eldre saker.

Vi har gjort eit arbeid med å digitalisere det gamle byggesaksarkivet i kommunen, og lagt til rette for at du kan bestille innsyn gjennom e-Torg. Det kostar 350 kroner, og gir deg tilgang i to veker på alt vi har på eigedomen. Du kan då laste ned dei dokumenta du finn interessante.

Og dersom der ikkje er noko å hente på akkurat din eigedom – då annulerer vi ordren slik at du slepp å betale for ingenting.

Sjekk her

Du kan også søke etter nyare saker etter 1. mai 2019, bestille bygningsteikningar, og sjekke kva planar som gjeld for eigedomen din. Les meir på samlesida vår om byggesaksarkiv.