Løysing for Kleven: – Svært glad og letta

Løysing for Kleven: – Svært glad og letta

Utsikt over Kleven verft - Klikk for stort bileteGreen Yard Group er ny eigar av verftet, og Langset-konsernet er ny eigar av Kleven Maritime Contracting. Per Eide – No kan dei tilsette og andre rundt Kleven gå inn i ferien med senka skuldrer. Det har vore ei tøff tid for mange, men vi har heile tida trudd på at det skulle bli ei løysing, seier ordførar Knut Erik Engh. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Han er svært glad og letta for at det blei ei løysing for Kleven.

– Bubestyrar Hamre og alle andre som har jobba med å finne ei løysing, har gjort ein svært god jobb. Eg ser fram til å møte dei nye eigarane og til å fortsette det gode samarbeidet med Kjetil Bollestad som administrerande direktør, seier ordføraren.