Legg ned Søre Sunnmøre mottak

Legg ned Søre Sunnmøre mottak

UDI legg ned drifta av Søre Sunnmøre mottak frå 31. desember.

UDI har informert Ulstein kommune om at dei er pålagt å tilpasse mottakskapasiteten til behova for innkvartering.

- Som ein konsekvens av lågt belegg, har vi sagt opp fleire avtalar om drift av mottak nasjonalt - herunder avtalen om drift av Søre Sunnmøre mottak. 

Siste driftsdato for Søre Sunnmøre mottak er 31.12.2026. 

Driftsoperatørar, tilsette og bebuarar er varsla. 

- Vi har hatt eit godt samarbeid med kommunen i driftsperioden og vi vil beklage dei ulemper avgjerda medfører for både bebuarar, tilsette og kommunen, seier UDI.