Lær å bruke internettUlstein kommune inviterer seniorar til SeniorSmart – ei samling med nyttig læring og sosialt fellesskap. Første møte er 10. april.Tema på første møte er bruk av internett. Tilbodet er gratis, og det er inga påmelding på førehand. Første samling: Ulstein bibliotek, 10. april klokka 12.00–13.00.Tema: Å bruke internettSjå heile vårprogrammet her: SeniorSmart Møta vil variere mellom kvar gong.SeniorSurf – Lær å bruke PC, nettbrett og smarttelefon! Frå grunnleggande ferdigheiter til meir avansert bruk. Vi legg opp til lett undervisning og praktiske, kjekke oppgåver om relevante tema. Vi har litt utstyr til utlån ved behov, men i utgangspunktet skal kursdeltakarane ta med seg eige utstyr som berbar PC, nettbrett og mobiltelefon (smarttelefon). SeniorTimen – Få informasjon om helse, aktivitet, velferdsteknologi og andre relevante tema for ein god og trygg kvardag. Med SeniorTimen vil vi gi deg informasjon og dei verktøya du treng for å leve eit sunt og aktivt liv i Ulstein.Velkomen til ein lærerik og sosial møteplass!To representantar frå fellesrådet stilte villig opp som testpanel då Kari Marie Øvrebøe frå Ulstein kommune hadde ein gjennomgang av kurset. No er det klart for første offisielle seniormøte 10. april. Eli Marte Dalhaug Publisert 03.04.2025 13:34 Sist endra 23.04.2025 14:58