Ulstein Mannskor er dei som initierer markeringa, og veteranar står æresvakt ved arrangementet.
Kjære alle saman
I dag er vi samla for å markere frigjerings- og veterandagen, ein dag for å minnast, for å heidre, og for å kjenne på takksemd.
Eg vil først av alt rette ei varm takk til Ulstein Mannskor, som sidan 2016 har halde tradisjonen med denne markeringa. De har løfta dagen med song, tilhøyrsle og kontinuitet – år etter år. Takk for at de gjer dette mogleg.
Ulstein Mannskor har tradisjon for å arrangere 8.mai-markering.
Hanne Notøy
Det er i år 80 år sidan freden kom til Noreg. 80 år sidan kyrkjeklokkene ringte over bygder og byar, også her i Ulstein vart flagga heiste, og folk strøymde til gatene, glade og letta. Nokre med gledesrop, andre med stille tårer – for ikkje alle kom heim att etter tida med krig i landet vårt.
Og vi kan vel alle hugse dei gongane vi har stått saman med andre, der klokkene har ringt, og eg har kjent det i brystet, ei slags tyngde og takknemleg ro. Det er eit alvor i lufta på ein dag som denne, men også ei varme. Ei visse om at vi står på skuldrene til menneske som bar mykje, for at vi skal kunne leve frie liv i dag.
Kyrkjeklokkene kimer.
Ordførar Stian Skorgen Scheide.
Hanne Notøy
Mange frå Ulstein og Søre Sunnmøre var med i kamp, i motstand, på havet og i dekning. Nokre rømde over til England og vart ein del av Shetlandsgjengen. Andre gøymde radioar, flykta over fjellet, eller bar på hemmelege beskjedar i lomma. Heimefronten hadde mange ansikt. Nokre vart aldri heidra, men dei var der – og dei heldt ut.
Vi minnest i dag også dei som kom heim, men som aldri heilt vart dei same. Og vi minnast ein av vore eigne, Ragnar Ulstein, som ikkje berre kjempa for landet, men gjorde ein utruleg viktig jobb for å ta vare på historia. Han minna oss på noko viktig: «At fridom ikkje er gratis - og aldri sjølvsagt».
Bysta av Ragnar Ulstein står utanfor Ulstein rådhus og Ulstein kyrkje.
Hanne Notøy
Derfor er vi her i dag. For å hugse, og for å lære. Men og for å kjenne på fellesskapet. For eg trur det viktigaste vi kan gjere for å heidre dei som kjempa, er å vere verdige den fridomen dei gav oss. I måten vi lever saman på, i måten vi møter kvarandre på, og i måten vi står opp for kvarandre.
Vi står no i ei tid der krig igjen rører ved grensene våre, og verdsbildet verkar å vere meir komplisert, og farlegare en kva eg huskar får min barndom. Derfor betyr 8. mai noko meir enn berre historie. Den minner oss om kvifor vi aldri må ta fridomen og demokratiet for gitt.
Eg kjenner det ekstra sterkt når eg ser veteranane våre her i dag – og dei som i dag tenestegjer, både her heime og ute. De ber ansvaret vidare. De minner oss om mot, om verdigheit – og om viljen til å stå opp for noko større enn seg sjølv.
I dag talar eg på vegner av dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, som i dag står samla i takksemd og respekt for dei som kjempa, og for dei som i dag vernar landet, ytringsfriheita og demokratiet vårt. Det er eit privilegium å få stå her saman med dykk, og vi må gjer det vi kan for og sikre at både friheita, og demokratiet står seg støtt også til vår neste generasjon.
Lat oss i dag kjenne på det vi har – og lat oss ta vare på det. La det vi veit få bety noko, heilt inn i måten vi tenkar på, lever på, snakkar til kvarandre på. For vår friheit må ikkje berre vernast med beredskap og alliansar – men også med tillit, samhald og rettferd, og med deg og meg.
Ære vere dei som kjempa, og takk til de som ber arven vidare.
Gratulerer med frigjerings- og veterandagen.
Lat oss aldri gløyme.
Stian Skorgen Scheide
ordførar i Ulstein
Områdesjef for Heimevernet, Hans-Ole Låbakk.
Hanne Notøy
Ei ung røyst. Russepresidenten i Ulstein er alltid invitert til markeringa for å halde ein appell. Her er William Husøy.
Hanne Notøy.