Ordførar Stian Skorgen Scheide
Ulstein kommune
Dette er ein trist dag for Noreg. vi har mista vår kjære Kong Harald.
Kong Harald vore konge heile livet mitt. For meg har han alltid vore kongen. Vår konge. Trygg, folkekjær, samlande og inkluderande.
«Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre.»
Takk for alt du har vore for oss, for Noreg og det norske folk.
På vegner av alle innbyggarane i Ulstein kommune, vil eg sende mine varmaste tankar til H.M. Dronning Sonja, vår nye monark, H.M. Kong Haakon VIII, resten av kongefamilien og alle som sørgjer i dag.
Kvil i fred, Dykkar Majestet.
Nasjonal sørgeperiode
Det er nasjonal sørgeperiode for H.M. Kong Harald V frå i dag og fram til gravferda.
I denne perioden vil kondolanseprotokoll vere på Ulstein bibliotek, for alle som vil gje ei siste helsing eller legge ved ei teikning.
Protokollen er tilgjengeleg i biblioteket si opningstid:
I dag fredag: kl. 08.30–15.00
Laurdag: kl. 11.00–16.00
Måndag til Torsdag: kl. 08.30–20.00
Ulstein kommune flaggar på halv stong ved dei kommunale flaggstengene.
Dei som ønskjer å leggje ned blomar til minne om vår kjære konge, kan gjere det ved bysta på Tusenårsplassen/Rådhusplassen.
Kyrkjeklokkene ringer for Kongen
I dag skal det ringast med alle landets kyrkjeklokker mellom kl 12.00-13.00, i stor sorg og takksemd.
Ulstein kyrkje er open for alle som ynskjer ein stad for å minnast og ta avskjed med kong Harald.
I dag, fredag, er kyrkja open frå kl. 11-18.
Laurdag kl. 15-18.
Søndag kl. 11-13.