Kva gjer vi om krisa oppstår i Ulstein?

Kva gjer vi om krisa oppstår i Ulstein?

Ulstein kommune har i samarbeid med Tussa, Kongsberg Maritime og Ulstein Næringsforum samla innbyggjarar og næringsliv til frukostmøte for å diskutere beredskap og totalforsvar i praksis.

F.v.: Anna Klara Måseide i Ulstein Næringsforum, Vigleik Hustadnes i Tussa, Gro Anita Engh i Kongsberg Maritime, kommunedirektør i Ulstein kommune, Jarl Martin Møller, befal i Sivilforsvaret, Linda Merete Eriksen, og branningeniør Live Gandborg. Ulstein kommune

 

- Totalforsvaret er summen av det militære forsvaret og det sivile samfunnet sitt bidrag. Det er fleire aktørar med ulike roller og oppdrag, og i dag møter vi Ulstein kommune, Sivilforsvaret og fleire lokale bedrifter for å høyre om korleis ein kan samarbeide for å møte kriser, sa Anna Klara Måseide i Ulstein Næringsforum då ho ønskte velkomen til frukostmøtet i biblioteket. 

- Vi må sikre at samfunnet kan fungere

Første talar for dagen var kommunedirektør i Ulstein kommune, Jarl Martin Møller, som snakka om det auka fokuset på beredskap og kva kommunen si rolle er dersom krisa skulle oppstå. 

– Grunnen til at vi snakkar om totalforsvar er dei urolege tidene i verda og at krigen er komen veldig nær. Det er større krav til å greie oss sjølv når noko skjer. Men kva er kommunen sitt ansvar når vi blir råka? Vi må sikre at samfunnet kan fungere. Då må helse og omsorg ha beredskapsplanar, vi må ha planar for at skular og barnehagar kan gå som normalt og vi må legge til rette for å halde næringslivet i gang. For å greie det må vi samarbeide. Næringslivet sit på kompetanse, utstyr, folk og logistikk. Vi veit ikkje kva vi treng, for vi veit ikkje kva som kan skje. Men på Søre Sunnmøre har vi evna til å få ting til å skje, og det er ein styrke, sa Møller. 

- Vi må ha tillit til kvarandre, vi vil kvarandre vel, og vi vil lokalsamfunnet vårt det beste. 

Branningeniør i Ulstein og Hareid brannvesen, Live Gandborg. Ulstein kommune

- Må planlegge for krisa før vi står midt i den

Branningeniør Live Gandborg frå Ulstein og Hareid brannvesen og befal i Sivilforsvaret, Linda Merete Eriksen, fortalte om naudetatane og sivilforsvaret si rolle i kriser. 

- Beredskap handlar også om å planlegge, og det må vi gjere på førehand. Det er mykje greiare enn å planlegge når krisene har oppstått. Og vi må samarbeide. Vi må alle ta ansvar og bidra. Som lokalsamfunn står vi sterkare når vi er førebudde saman, sa Gandborg. 

Eriksen fortalte dei frammøtte om Sivilforsvaret si rolle i fredstid og under kriser, og om dei nasjonale ressursane dei har tilgang til. 

Ho minna også om Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap sine råd til privatpersonar og bedrifter. 

- For bedrifter handlar dette om planar for kontinuitet, planar for å sikre produksjon og levering av varer og tenester, når det skjer kriser. Det er viktig for bedriftene, men også for samfunnet som er avhengige av tenestene dykkar, sa ho til dei frammøtte frå næringslivet i Ulstein.

Vigleik Hustadnes frå Tussa snakka om korleis dei jobbar med informasjonssikkerheit for å hindre hacking og cyberangrep. Ulstein kommune

Dataangrep

Sjef for informasjonssikkerheit i Tussa, Vigleik Hustadnes, og plass-sjef for Kongsberg Maritime i Ulstein, Gro Anita Engh, snakka begge om korleis deira bedrifter jobbar med beredskap og sikkerheit. 

- Prioritet i kriser er alltid liv og helse, men det som er nytt er at liv og helse kan bli trua av cyberangrep. Det gjeld oss alle, både private og bedrifter. Samfunnet har gjort seg avhengige av informasjonsteknologi, sa Hustadnes når han orienterte om Tussa sitt arbeid med informasjonssikkerheit.

Gro Anita Engh fortalte om korleis Kongsberg Maritime jobbar med sikkerheit og kriseleiing, og som mange andre bedrifter som var til stade under frukostmøtet har dei eit ønske om meir samarbeid med dei andre aktørane. 

– Vi har samhandlingssystem som vi gjerne vil teste meir, og få oversikt over dei ressursane som finnest i Ulstein-samfunnet dersom krisa skulle kome, sa ho.

Inviterer til meir samarbeid

Til slutt i frukostmøtet fekk dei frammøtte høve til å stille spørsmål og kome med innspel til talarane. Både små og store bedrifter var representerte, og felles for mange av dei var det same ønsket: vi vil gjerne bidra men treng ein stad å melde inn kva ressursar vi sit på, og vi vil gjerne øve saman. 

– Den ballen er mottatt, var det kontante svaret frå kommunedirektør Jarl Martin Møller. 

Mange elevar frå Ulstein vidaregåande skule var til stade under møtet, og branningeniør Live Gandborg vende seg særskilt til dei i avslutninga av møtet. 

- De er ein generasjon som er veldig digital. Så for å verkeleg forstå kva vi har snakka om i dag: prøv eit par dagar utan mobiltelefon og skjerm. De må tenke på korleis de vil «overleve» utan dette. For det kan bli realiteten under ei krise.

Deltakarane på frukostmøtet fekk stille spørsmål til panelet. Ulstein kommune