Kristin er ny kommunalsjef i Ulstein

Kristin er ny kommunalsjef i Ulstein

Kristin Vik tek over som kommunalsjef helse og omsorg i Ulstein etter Marit Botnen. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.
Portrett av Kristin Vik. - Klikk for stort bileteKristin Vik. privat

Marit Botnen har vore kommunalsjef helse og omsorg i Ulstein i ei årrekke, men går av med pensjon til sommaren. 

Kristin Vik er tenesteleiar helse og familie i Ørsta, men er i dag konstituert kommunalsjef helse, omsorg og velferd i same kommune. Ho tek til i stillinga i Ulstein 1. mai. 

– Eg gler meg veldig til å starte i jobben, og så er det ei lita gåvepakke at eg får overlappe med Marit Botnen før ho sluttar. Det vert veldig bra å ha henne der i prosessen med å verte kjent med nye medarbeidarar og med organisasjonen, seier Vik.

Ho er opphavleg frå Sande, men har budd i Ørsta sidan 1992.

– Det vert kjekt å jobbe i Ulstein igjen. Det var her det heile starta for meg i 1985, då eg var praktikant på dagheimen. Då denne sjansen dukka opp, måtte eg gripe han. Det skjer mykje bra i Ulstein og der er utfordringar som eg trur vil vere spennande å vere med på, seier Vik.