Korleis melde feil på gatelys i Ulstein

Korleis melde feil på gatelys i Ulstein

Gatelys er viktige for tryggleiken og trivselen i lokalsamfunnet vårt. Om du oppdagar eit gatelys som ikkje fungerer, er det viktig å melde frå slik at det kan bli reparert raskt. 

Viktigheita av å melde feil

Ved å melde feil på gatelys bidreg du til å oppretthalde tryggleiken i nabolaget ditt. God belysning kan redusere risikoen for ulykker og kriminalitet, og det er eit mål at belysninga skal bidra til ei god og trygg trafikkavvikling for alle vegfarande.

Tenesta er ikkje lovpålagd, og følgeleg ikkje ei rettigheit for innbyggarane, men fungerande gatelys er av stor betydning for bulyst og trafikktryggleik.

 

Har du tre som veks opp i linja?

Dersom du har gatelys knytt til din eigedom, og det veks tre opp i linja, må du syte for å få fjerna trea som er til hinder for driftsoperatørar og sikta generelt. 

 

Korleis melde feil?

I Ulstein kommune kan du melde feil på gatelys digitalt, via skjema/kart med adressesøk.

Her kan du melde feil


Her ei kort forklaring på kva du gjer i kart-/skjemaløysinga vår

  1. Søk på adresse, eller finn gatelyset i kart
  2. Klikk på det aktuelle gatelyset (gult)
  3. Fyll inn nødvendig informasjon/skildre problemet
  4. Fullfør skjemaet

 

Kva skjer etter at du har meldt frå?

Ulstein kommune har driftsavtale med Eviny, og dei sender ut driftsoperatørar etter kapasitet og prioriteringar. Eviny driftar i fleire kommunar. Dei tek oppsamlingsheat, så det kan ta litt tid før arbeidet vert gjort.