Skjåk, Ulstein og Volda har gjennomført eit banebrytande kommunikasjonskurs ved Høgskulen i Volda – med mål om å styrke demokratiet gjennom betre dialog med innbyggjarane.
Jarl Martin Møller, kommunedirektør i Ulstein kommune, Ivar Bø, kommunedirektør i Skjåk kommune og Rune Sjurgard, kommunedirektør i Volda kommune.
Steinarr Sommerset
Kommunane Skjåk, Ulstein og Volda har nyleg delteke i eit pilotprosjekt som kombinerer teoretisk kunnskap og praktisk opplæring i kommunikasjon. Kurset, som vart gjennomført ved Høgskulen i Volda, har får strålande tilbakemeldingar frå deltakarane. Det er statsforvaltarane i Innlandet og Møre og Romsdal som har støtta initiativet, som no kan få ringverknader langt utanfor dei tre deltakar-kommunane.
Medieutdanninga ved høgskulen leverte undervisning med topp nasjonal kompetanse, og kurset vart ei konkret oppfølging av ideen til kommunedirektørane Ivar Bø, Skjåk kommune og Rune Sjurgard, Volda kommune – ein tanke som først vart klekt ut på ein flytur frå Gardermoen til Ørsta-Volda.
Kurset har fokusert på tidsaktuell teori, presentasjonsteknikk og effektiv kommunikasjon – alt med mål om å betre dialogen med innbyggjarane. I ei tid der samfunnsutfordringar vert meir komplekse, er det avgjerande at kommunane kommuniserer klart, ope og engasjerande, seier Rune Sjurgard.
– Opplyste innbyggjarar er fundamentet for eit velfungerande demokrati, meiner Sjurgard.
Kommunane jobbar òg med moglegheitene for å ta i bruk video som verktøy i intern kommunikasjon og sakshandsaming framover.
Deltakarar frå Ulstein, Skjåk og Volda kommune.
Steinarr Sommerset
Med positive erfaringar i bagasjen håpar no deltakarane at fleire kommunar vil bli med i neste runde – for betre kommunikasjon, meir innsikt, og eit styrka lokaldemokrati.