Klarer du deg i sju dagar utan straum?

Klarer du deg i sju dagar utan straum?

Korleis vil du og dine næraste klare dykk om straumen vert vekke over lengre tid? Kva om vatnet forsvinn frå springen, eller at du ikkje får handla på ei veke? Her får du tips om eigenberedskap.

Eigenberedskap. Det du treng for å klare deg nokre dagar utan straum. - Klikk for stort bilete Ivar Kvaal/DSB

Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på ulike situasjonar. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap rår til at flest mogleg klarer seg sjølv i ei veke. På den måten kan kommunar og naudetatar prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise.

Du finn all informasjonen du treng om egenberedskap på nettstaden sikkerhverdag.no.

Kva kan skje?

Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, mellom anna som følge av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer bra i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulykker, sabotasjar og i verste fall krigshandlingar kan råke oss. 

Ulike kriser kan få store konsekvensar for enkeltpersonar og samfunn. Til dømes kan eit langvarig straumbrot gjere livet utfordrande. Det kan føre til at vatnet i springen, kloakksystemet, medisinsk utstyr, betalingsløysingar, billading, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskåp og moglegheit for matlaging ikkje fungerer som normalt.

Ved å styrke eigenberedskapen din invisterer du i tryggheit for deg sjølv og dine næraste. Litt førebuing er betre enn inga. 

Sjekkliste for eigenberedskap

Under finn du ting det er lurt å ha heime. Du bør med jamne mellomrom gå gjennom behova dine og oppdatere lageret ditt. Hugst at det også kan vere lurt å samarbeide med familie, vener og naboar om eigenberedskap.
Mat og vatn
Varme og lys
Informasjon
Legemiddel og hygiene