Klare for årets TV-aksjon

Klare for årets TV-aksjon

Søndag er det innsamling til årets TV-aksjon. I år går inntektene til NRC Flyktninghjelpen. Slagordet er «sammen for mennesker på flukt».

Inger Anne Dimmen, Per Kopperstad, Lisa Mari Breivik Anderson, Valeriia Zdukhova og Lena Løseth.  - Klikk for stort bileteF.v.: Inger Anne Dimmen, Per Kopperstad, Lisa Mari Breivik Anderson, Valeriia Zdukhova og Lena Løseth. Ulstein kommune

Søndag 18.oktober går TV-aksjonen av stabelen, og vi er veldig glade for at vi stort sett har fylt opp rodene i heile Ulstein. Vi manglar eit par personar i sentrum, og skulle gjerne hatt nokon i reserve i tilfelle sjukdom. seier varaordførar i Ulstein kommune, Lisa Mari Breivik Anderson.

Varaordføraren leiar TV-aksjonskomitéen i Ulstein, og fortel om stort engasjement. 

- Denne veka har det vore både næringslivsdugnad og skuleløp til inntekt for TV-aksjonen, go i helga finne de oss på stand på Thon senter kl. 11-13 på laurdag. Kl. 16 vert det fellesbading på Osnessanden.

Søndag skal det gjennomførast eit 'Jaget'-opplegg, i regi av Hans Olav Lee, der ein kl 13 skal prøve å finne ordførar Stian, som gøymer seg ein stad i sentrum.

Praktisk informasjon

Søndag møter bøsseberarane på Rådhuset frå kl 14, og vi går mellom kl. 14 og 18. Når ein kjem tilbake med bøssene vert det tradisjonen tru kaker, saft og kaffi til dei som har gått årets viktigaste søndagstur!

Tusen takk til alle som bidreg på ulike måtar og lykke til med gjennomføringa.