Kickoff for Hasund barnehage

Kickoff for Hasund barnehage

Onsdag 27. august vart det gjennomført ein svært vellukka kickoff for ny barnehage i Hasund krins. No inviterer prosjektgruppa til medverknad og oppmodar om å kome med innspel.

Det var god stemning og stort engasjement blant deltakarane då tilsette, foreldre og representantar frå nærmiljøet samla seg på Hasundgot klubbhus onsdag kveld, til kickoff for den nye barnehagen i Hasund krins. Møtet var starten på ein tjukk medverknadsprosess, som skal gå føre seg fram til 12. september.

Rakel Sævik, prosjektleiar ved Ulstein eigedomsavdeling, ønskte velkomen og gav ei innleiing om prosjektet, med vekt på rammer, mål og kor viktig medverknad frå ulike grupper er for å lukkast. Ho oppmoda alle til å bidra med sine perspektiv og erfaringar. Deretter presenterte ho prosjekt- og styringsgruppa.

Frå Norconsult deltok eit prosjektteam med mellom anna landskapsarkitekt og arkitekt, som bidrog med fagleg innsikt og erfaringar frå liknande prosjekt. Det vart understreka at både tilsette, foreldre og barn får høve til å påverke utviklinga av den nye barnehagen.

Ei sentral oppgåve under møtet var ei økt for medverknad. Det kom fram mange gode innspel, og samtalane var prega av open dialog, refleksjon og heilt konkrete forslag.

Vidare vart brukarperspektivet løfta fram, med fokus på kva prosjektet skal løyse. Her vart det særleg lagt vekt på behovet for eit inkluderande miljø der alle barn kjenner seg trygge og verdsette.

I tillegg vart det uttrykt eit sterkt ønske om at barnehagen skal spegle lokal identitet og ha tilknyting til industrien i området. Nærmiljø og nærleiken til naturen var ein sterk markør i debatten. Det vart og peika på betydninga av å bygge og bevare stoltheit over lokale handverkstradisjonar, og det kom konkrete forslag som verkstadaktivitetar, der praktisk utforsking vart diskutert som del av det pedagogiske innhaldet. Dette handlar ikkje berre om aktivitetar, men om å vidareføre verdiane og kunnskapen som ligg i lokalsamfunnet – og å gi barna ei kjensle av tilhøyrsle og respekt for lokal kultur og historie.

Programmet heldt fram med temaet arkitektur og pedagogikk. Erfaringar frå nye barnehagebygg vart delte, og det vart diskutert korleis fysisk utforming kan støtte opp under pedagogiske mål og god praksis. Her vart det lagt vekt på at arkitekturen må støtte det pedagogiske arbeidet, med tilgjengelege løysingar som gjer det mogleg for barn å klare seg sjølve, finne fram til aktivitetar og leiker, og oppleve autonomi. Det vart også peika på kor viktig det er at barna enkelt kan orientere seg og finne ro i rommet – for aktivitet, leik eller kvile.

Mot slutten av møtet vart det presentert eit visjonsbilete for den nye barnehagen. Her vart det snakka om kva ein moderne barnehage treng, med omsyn til barnets beste og berekraftige løysingar.

Til slutt vart arbeidet med medverknad for barna forklart, der det vert oppgåver som barns forteljingar, teikningar og fotosafari. Gjennom fotosafari skal barna få dokumentere kva dei likar og kva dei meiner er viktig i ein barnehage. Dette er ein del av å sikre at barna sjølve får reell medverknad i utviklinga av den nye barnehagen.

Kickoffen var ein inspirerande og engasjerande start på prosjektet. Deltakarane viste stort engasjement, kom med mange verdifulle innspel og bidrog til ein utforskande dialog om framtidas barnehage i Hasund krins.

I samband med det vidare arbeidet er det generert ei digital lenke der de kan medverke. Dette er ein viktig del av arbeidet og vi oppmodar alle til å bruke høvet til å påverke og bidra. Lenka er open for innspel fram til 12. september, og alle tilbakemeldingar vil bli vurderte i det vidare planleggingsarbeidet;
 

Her er lenke til digitalt skjema for innspel
 

Frist for innspel: fredag 12. september 2025.

- Vi håper du vil vere med og bidra. Deltaking og medverknad betyr mykje for prosjektet.