Kan du fyrverkerireglane?

Kan du fyrverkerireglane?

Arkiv/Knut Petter Dimmen Er du klar for å skyte 2021 til himmels og ønske 2022 velkomen med fargesprakande fyrverkeri? Då vil vi gjerne at du les desse ti fyrverkerireglane først.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Vi minner også om at det vert felles fyrverkeri i Ulsteinvik sentrum ved midnatt 31. desember.

Fyrverkerireglane er henta frå www.sikkerhverdag.no si nettside.

1. Planlegg fyrverkerioppskytinga i god tid. Hugs at det berre er lov å bruke fyrverkeri på nyttårsaftan mellom klokka 18.00 og 02.00.

2. Les rettleiinga for bruk nøye før du tenner på

3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada

4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte

5. Bruk tennstav

6. Bruk briller som beskytter auga - både til dei som ser på og dei som tenner på.

7. Bøy deg aldri over fyrverkeri som er tent på

8. Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk

9. Hald god avstand frå oppskytinga

10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman

 

Ha ei trygg og kjekk feiring!