Inviterer publikum til felles kommunestyremøte

Inviterer publikum til felles kommunestyremøte

Torsdag inviterer Herøy, Sande og Ulstein til felles kommunestyremøte, der Telemarksforsking vil presentere kunnskapsgrunnlaget om framtidig kommunestruktur.

Stian Skorgen Scheide, Tine Storøy og Dag Vaagen inviterer til felles kommunestyremøte på Breidablik. Silje Scheide Mork

Herøy, Sande og Ulstein har gitt Telemarksforsking i oppdrag å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag som dei tre kommunane kan nytte i diskusjonane om framtidig kommunestruktur.

Torsdag 24. september er det felles kommunestyremøte i Landsbyhuset Bredablik på Larsnes, der Telemarksforsking vil presentere dette kunnskapsgrunnlaget for første gong.

Bent Aslak Brandtzæg frå Telemarksforsking vil halde presentasjonen.

Kommunestyremøtet byrjar kl. 18.00 og er ope for publikum.

Kommunestyret får anledning til å stille spørsmål til presentasjonen, før kommunestyremøtet vert avslutta.

Etter dette kan tilhøyrarane i salen stille spørsmål til Telemarksforsking om kunnskapsgrunnlaget.

Presentasjonen i kommunestyremøtet vert strøyma på nett.

Her kan du sjå presentasjonen