Innbyggartorget utvidar opningstidene frå 1. desember

Innbyggartorget utvidar opningstidene frå 1. desember

Vi ønskjer å gjere det enklare for deg å få hjelp og svar på spørsmål om offentlege tenester. No kan du besøke oss kvar vekedag! 

Innbyggarvert Kari Marie Øvrebøe

Opningstider: 
Måndag–torsdag kl. 12.00–16.00
Fredag kl. 12.00-15.00

Stad: 
Ulstein bibliotek, Vikemyra 2 

På innbyggartorget møter du alltid nokon som kan hjelpe deg – om det gjeld tenester, søknadar eller andre spørsmål. Kom innom for ein prat, vi er her for deg. 

 

 

 

 

 

 

 

Andre måtar å kontakte oss på


Vi ønskjer å gjere det enkelt for deg å nå oss, også når du ikkje kan komme innom. Du har fleire alternativ:

Sentralbord: Vi er tilgjengelege kvar dag mellom kl. 10 og 12. Utenom opningstid vil talemenyen guide deg til rett teneste.
Kontakt oss-sida: På heimesida vår finn du ei eiga side med skjema og informasjon om kven du kan kontakte. Dette er ein rask og enkel måte å sende oss spørsmål eller meldingar på.
Sosiale medier: Følg oss på Facebook for nyheiter og oppdateringar. 

Merk: 
Frå same dato vert rådhuset stengt for besøk som ikkje er avtala på førehand. Du skal berre møte på rådhuset dersom du har avtalt møte med ein saksbehandlar eller skal delta i eit møte.  

Når du kjem til rådhuset, vent i ventesona til du vert henta av den tilsette du skal møte.