Inkluderande matematiske læringsmiljø i barnehagen

Inkluderande matematiske læringsmiljø i barnehagen

Gjennom partnarskap for kollektiv kompetanse arrangerte Ulstein kommune fredag 6 mars fagdag for 130 tilsette i barnehagane og PPT i samarbeid med Høgskulen i Volda

Leif Bjørn Skorpen (HVO) gav ei fagleg og forskingsbasert innføring i korleis matematikk utviklar seg i barnehagealder, og korleis MIO kan nyttast som eit utviklingsstøttande verktøy ii utvikling av eit inkluderande matematiske læringsmiljø i barnehagen

Matematikk som naturleg del av barnehagekvardagen

Dagen synleggjorde korleis matematikk er ein integrert del av barn sin kvardag – gjennom presist språk, leik, romforståing, sortering, måling og tal og teljing. Det vart lagt særleg vekt på r å forstå barn si utvikling og systematiske observasjonar som grunnlag for å arbeide målretta med omgivnadene. Når miljø, materialar og språk snakkar saman på ein gjennomtenkt måte, får fleire barn tilgang til læring og deltaking. Tiltak som vert utvikla for eitt barn, kan ofte styrke læringsmiljøet for heile gruppa – eit sentralt prinsipp i inkluderande praksis.

 

To modellar for inkluderande praksis

Beate Farstad (HVO) presenterte to modellar for inkluderande praksis som gir personalet tydelege rammer til å reflektere, analysere og vidareutvikle både ordinær praksis og målretta tiltak. Modellane viser korleis barnehagen kan styrke fellesskapet som primær arena, samtidig som ein sikrar støtte til barn som treng det. Dei knyter direkte an til MIO og gir personalet eit felles språk for å forstå og utvikle inkluderande læringsmiljø.

 

Felles retning og fagleg utvikling

Fagdagen synleggjorde det solide kvalitetsarbeidet som barnehagane i Ulstein står i, og korleis samarbeidet med Høgskulen i Volda bidreg til fagleg utvikling og felles retning. Deltakarane sit igjen med styrka kunnskapsgrunnlag og konkrete perspektiv på korleis matematikk kan integrerast i kvardagen på ein måte som støttar alle barn si utvikling.

Tekst og bilete: Ann-Christin Helliksen