Årets sommarcamp i Ulstein har samla born og unge til ei rekke gratis aktivitetar i ferien.
Torsdag 25. juni tok 45 ungdomar i alderen frå 7. klasse til VG3 buss frå Ulsteinvik til Valldal aktivitetspark, der det venta ein heil dag med klatreløyper og zip-lines.
Før dei fekk sleppe laus i klatreparken fekk ungdomane opplæring av kvalifiserte instruktørar og utdelt klatresele og hjelm.
I klatreparken er det åtte løyper med til saman 61 hinder. Dei fleste løypene er forskjellige og byr på ulike utfordringar og moro. Zip-lines er også ein del av løypene, der nokre løyper har fleire zip-lines og dei lengste er over 125 meter.
Klatreparken ligg langs elva i Valldal, og enkelte zip-lines går også over elva så ungdomane kunne få seg ein flott flygetur med fossande vatn under seg.
Det vart også tid til samling kring bålet, med grillmat og marshmallows før turen gjekk heim til Ulstein.