Husbanken: Tilskot til aldersvenleg oppgradering av eigen bustad
Husbanken tilbyr no tilskot for å gjere bustaden din meir aldersvenleg. Målet med tilskotet er at du skal kunne bu heime lengre, også når helsa endrar seg.
Husbanken.
Husbanken
Du kan søke om tilskota dersom:
• du er over 62 år eller bur med ein som er over 62 år
• du bur i bustaden sjølv og den er ein eigd eller leigd heilårsbustad. Om du leiger må du ha samtykke frå utleigar
• bustaden er di folkeregistrerte adresse
• du skal oppgradere for minst 40.000 kroner
Kor mykje kan du få?
Du kan få dekt inntil 25 prosent av kostnadane til prosjektet. Det er inga øvre grense for totalkostnad for prosjektet, men du kan maksimalt få 75.000 kroner i tilskot. Du kan berre få tilskot ein gong per bustad.
Les meir om tilskotet og korleis du kan søke
Publisert 09.10.2026 10:20
Sist endra 09.10.2026 10:20