Høyring: Alkoholpolitisk handlingsplan 2024-2028

Høyring: Alkoholpolitisk handlingsplan 2024-2028

Høyringsfrist: 8. april 2024.

 


Kvifor har vi ein alkoholpolitisk handlingsplan på høyring?

Kommunane har eit ansvar for å utforme sin eigen lokale alkoholpolitikk, innanfor alkohollova sine rammer. Som ein konsekvens av dette pliktar kommunen å utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan, jf. alkohollova § 1-7d.

Eksisterande plan går ut i 2024 og ny plan må vedtakast før kommunestyret skal ta stilling til val av fornyingsprosess for gjeldande sals- og skjenkeløyve i kommunen. 

Gitte løyver løper maksimalt til 30. september året etter at nytt kommunestyre har tilrådt, jf. alkohollova § 1-6. Kommunestyret har då høve til å påverke korleis alkohol- og løyvepolitikken skal vere dei neste fire åra. 

Utkast til ny alkoholpolitisk handlingsplan er omtalt i saksframlegget og kommunedirektøren ber om at utkastet vert sendt på høyring. 

Kommunedirektøren ber vidare om at varigheita til eksisterande sals- og skjenkeløyve i kommunen vert klårgjort. Det vert føreslått at gjeldande løyver løper til 30. september i år, i tråd med hovudregelen i alkohollova. 

Ved inngangen til ny løyveperiode har kommunen mogelegheit til å vedta at løyva ikkje skal opphøyre, men løpe vidare for ei periode på inntil fire år etter ein gjennomgang av alkoholpolitikken i kommunen. Kommunedirektøren vil i saksframlegget gjere greie for kva fornyingsprosess ein truleg vil føreslå i samband med den endelege vedtakinga av alkoholpolitisk handlingsplan.

 

Saksdokument

  1.  Utkast - Alkoholpolitisk handlingsplan 2024-2028 (PDF, 6 MB)
  2.  Vedtak og saksframlegg (PDF, 5 MB) 
  3.  Brev frå Helsedirektoratet - sal av alkohol frå sjølvbetente kasser og butikkar (PDF, 853 kB)
  4.  E-post frå Helsedirektoratet - skjenking og universell utforming (PDF, 77 kB)
  5.  Universell utforming og skjenkebevilling - brev datert 11.03.2021 (PDF, 112 kB)
  6.  Statsforvaltaren i Agder - lovlegheitskontroll minstelønn (PDF, 335 kB)
  7.  Alkoholpolitisk handlingsplan 2020-2024 (PDF, 6 MB)
  8.  Krav om allmenngjort lønn ved tildeling av skjenkebevilling - til kommunar (PDF, 503 kB)
  9.  Svar på førespurnad om tarifflønn og alkohollova (PDF, 352 kB)

 

 

Frist og adresse

Høyringsfristen er 8. april 2024. 

Eventuelle merknadar til utkastet kan du sende inn slik:

 

Merk svaret ditt «Alkoholpolitisk handlingsplan» og saksnummer 23/1680.