Historisk møte

Historisk møte

Det var ein historisk kveld når kommunestyra i Herøy, Sande og Ulstein var samla til felles kommunestyremøte i Landsbyhuset Breidablik på Larsnes.

Herøy, Sande og Ulstein har bestilt eit kunnskapsgrunnlag som skal ligge i botnen når dei tre kommunane diskuterer framtidig kommunestruktur, der eit alternativa er ei kommunesamanslåing.   

Dette kunnskapsgrunnlaget har Telemarksforsking utarbeidd, og Bent Aslak Brandtzæg var på Breidablik for å presentere. Det var folksamt i salen, trass ein sjeldan fineversdag på ytre Søre.  I tillegg til dei tre kommunestyra hadde eit femtitals tilhøyrarar møtt opp, og møtet vart strøyma på nett. 

Opptak av møtet kan du sjå her

Er vi sterkare saman? 

I presentasjonen sa Brandtzæg at Telemarksforsking  har vurdert tre ulike alternativ for vegen vidare: å halde fram som tre separate kommunar, fleire interkommunale samarbeid eller slå seg saman.

Brandtzæg teikna eit tydeleg utfordringsbilete, med ei utvikling som peikar mot fleire personar i pensjonsalder og færre i yrkesaktiv alder. Men Brandtzæg understreka at dette ikkje er ei særskild utfordring for Søre Sunnmøre, dette gjeld heile landet. 

Også kommuneøkonomi, rekrutteringsutfordringar, sårbare fagmiljø kom under lupa. 

Både fordelar og ulemper med dagens kommunestruktur vart presenterte, utan at Telemarkforsking kjem med nokon konklusjon.  

Etter presentasjonen fekk kommunestyremedlemmane høve til å stille spørsmål om kunnskapsgrunnlaget, og det kom spørsmål om m.a. dei ulike utgangspunkta til kommunane, kva skjer med distriktstilskot, kvar i sentralitetsindeksen vil ein ny kommune hamne og korleis vil arbeidsgjevaravgifta bli. 

Etter ein kort pause kunne også publikum få stille spørsmål om kunnskapsgrunnlaget. 

Fleire tok ordet, og det kom gode og interessante spørsmål det er verdt å ta med seg vidare i samtalane mellom kommunane.