Tilsette frå Petterbakken 4 på scena for å ta imot arbeidsmiljøprisen. Frå venstre: Margaret Nygjerde, Helene Slåttelid, Kongit Haile, Ruth Nilsen, Cecilie Notanes Brandal, Angelika Bohinen og Evy-Hanne Pettersen Sandvik.
Janne-Marit Myklebust
Dei tilsette i bufellesskapet Petterbakken stakk av med den gjeve arbeidsmiljøprisen for 2024 i Ulstein kommune, då det vart halde personalfest 7. februar.
– Veldig kjekt! seier leiar Evy-Hanne Pettersen Sandvik.
Prisen er på 10 000 kroner og vert gitt til tilsette som tek vare på kvarandre og brukarane. Trygt og godt arbeidsmiljø med humor og samarbeid. Lågt sjukefråvær, godt HMS-arbeid med gode resultat. Trivsel og god tilrettelegging vert vektlagt.
Gjengen samla. Bak frå venstre: Angelika Bohinen, Cecilie Notanes Brandal, Evy-Hanne Pettersen Sandvik (med blomster), Helene Slåttelid, Margaret Nygjerde (med diplom), Kongit Haile og Ruth Nilsen.
privat
I nominasjonsteksta står mellom anna:
– I Petterbakken 4 er vi flinke til å sjå kvarandre, og ta vare på kvarandre og dei som bur her. Vi har støtte og omtanke for kvarandre, hjelper kvarandre og har godt samarbeid. Vi har eit trygt og godt arbeidsmiljø og god humor!
Arbeidet vert også lagt merke til av dei pårørande. Dei tilsette har fått statuett og ros for arbeidet dei gjer.
– Vi har gode hjelpemiddel i jobben og opplever lite skade. Vi er ei lita eining, og vi bryr oss om kvarandre og brukarane. Vi har lite sjukefråvær og legg til rette for opplevingar for dei som bur her. Pensjonistane vil ikkje gi seg!
Alle nominerte:
- Teknisk etat – uteseksjonen
- Ulstein ungdomsskule
- Petterbakken 4
- Trivselsgruppa på rådhuset
- Personalet ved Hasund skule
- Ulstein skule
- Holsekerdalen 20
- Haddal skule
- Sundgotmarka barnehage