Her kjem det ny asfalt

Her kjem det ny asfalt

Tysdag 29. april startar arbeidet med å frese og asfaltere deler av Holsekerdalen. Vegen vert stengt mens arbeidet går føre seg.

Bilde av veg med hole i vegen. - Klikk for stort bileteDeler av vegen i Holsekerdalen skal få ny asfalt. Janne-Marit Myklebust

Det er teknisk etat som melder om dette.

Arbeidet startar om lag klokka 08.30 tysdag. Det vert utført asfaltfresing som merka på kartet under med raud strek. Vegen vert stengd med kjegler ved dei raude markørane, og det vert i tillegg trafikkdirigentar på dei to punkta med oransje markørar. Desse vil sleppe gjennom utrykkingskøyretøy og bussar.

Entreprenøren opplyser at fresinga vil ta om lag fem timar.

Onsdag 30. april, dersom vêret er bra nok, vert det lagt asfalt på strekket merka med raud strek på kartet under. Dette vil starte om lag klokka 08. 30, og halde på utover dagen. Entreprenøren håper på å vere ferdig til klokka 15.30. 

Vegen vert stengt med kjegler ved dei raude markørane, men der vil vere trafikkdirigentar som slepp gjennom utrykkingskøyretøy og bussar.