Hels på vår nyaste medarbeidar

Hels på vår nyaste medarbeidar

Kommune-Kari svarer på stort og smått på nettsidene våre.

Kommune-Kari - avatar - Klikk for stort bilete

Kommune-Kari svarer på spørsmål om alle tenestene i kommunen, til alle tider på døgnet. Samtaleroboten er eit supplement til nettsida vår og til innbyggartorget, med mål om å gjere oss meir tilgjenglege for innbyggarane. Kommune-Kari har nemleg vist seg å trenge minimalt med søvn og fritid.

Kommune-Kari er trent opp på kunstig intelligens, og prøver å forstå kva du spør om, ut frå kva vi har lært henne.

Nettsida vår har framleis eit ordinært søkefelt der du kan søke etter tenestene våre, men skulle du kome i beit kan det vere at Kommune-Kari har svaret. 

Kommune-Kari spør: Kva kan eg hjelpe deg med? - Klikk for stort bilete

Hugs, at dess meir Kommune-Kari vert brukt, dess smartare vert ho! Gi oss gjerne tommel opp eller ned etter samtalen slik at vi kan fore henne med enda meir god informasjon! Ho har vist seg å vere svolten på det.

Elles er vi sjølvsagt tilgjengelege til å hjelpe deg i opningstida vår, med heilt ekte kunnskap:

Sentralbordet har ope på kvardagar mellom klokka 10.00–14.00, telefon 70 01 75 00.