Har du ein slik på hovudvasskrana di?

Har du ein slik på hovudvasskrana di?

Sjekk om du treng det, så unngår du skade på til dømes oppvaskmaskin, vaskemaskin og kjøleskåp.

Trykkreduksjonsventil - Klikk for stort bileteDen mest vanlege trykkreduksjonsventilen i bustadar.

Kommunen er forplikta å levere eit vasstrykk på minimum 2 bar i tilkoplingspunktet på den kommunale leidninga.

Målet vårt er å levere mellom 2,5 og 8,5 bar trykk.

Dette betyr at mange abonnentar er avhengig av å ha montert ein trykkreduksjonsventil for å ikkje skade utstyr som til dømes oppvaskmaskin, vaskemaskin eller kjøleskåp med drikke/isbitstasjon.

Slikt utstyr er gjerne berre godkjent for maksimalt 6 bar trykk.

Sjølv om de kanskje «berre» har 4-5 bar trykk til vanleg, kan det førekome driftssituasjonar der trykket overstig 6 bar.

Dersom du då får ei forsikringsskade, kan du risikere avkorting i erstatningsutbetalinga.

Viss du er usikker på kva vasstrykket du har, kan ein røyrleggar måle dette for deg.