Har du ein komande førsteklassing i heimen?

Har du ein komande førsteklassing i heimen?

Skulane førebur seg no på innskriving av alle dei som skal starte i førsteklasse til hausten. Nokre får besøke skulane sine allereie no, andre har digital innskriving.

Ung gut på skulebenken. - Klikk for stort bilete Pixabay

Ulsteinvik barneskule

  • 74 førsteklassingar 
  • Ved Ulsteinvik barneskule vert det digital innskriving. Skulen har dessverre ikkje kapasitet til å invitere alle på besøk denne våren.

Skjema for innskriving

Haddal skule

  • Åtte førsteklassingar
  • Innskriving 11. og 13. februar

Hasund skule

  • 19 førsteklassingar
  • Innskriving i veke 9

Ulstein skule

  • Sju førsteklassingar + fire elevar i innføringsklasse
  • Innskriving 25. februar