Har du ein forretningsidé? Nye program hjelper deg vidare

Har du ein forretningsidé? Nye program hjelper deg vidare

Har du ein idé til eit produkt eller ei teneste, men er usikker på om du skal satse? Eller ønskjer du hjelp til å kome vidare med ei verksemd du allereie driv?

eit stupebrett midt i sjøen med eit menneske på toppen. bilde tatt på lang avstand - Klikk for stort bilete Pexels.com

I haust kan du velje mellom fleire program for deg som vil utforske, starte eller utvikle ei bedrift. Gjennom Hoppid-programma får du hjelp til å utvikle ideen din steg for steg. Det finst tilbod både på dagtid og kveldstid, på norsk og engelsk.

Alle samlingane er online.

 

Finn ut om dette er noko for deg

Programmet «Introduksjon – skal, skal ikkje?» er eit lågterskeltilbod for deg som har ein idé, men som enno ikkje har bestemt deg for om du vil gå vidare. Dei neste introduksjonssamlingane er 26. og 27. oktober klokka 12.00. Begge samlingane er på norsk.

Du må ha delteke på introduksjonen før du kan vere med på «Starte og drive». Det kjem fleire datoar i november.

 

Starte og drive – på norsk eller engelsk

21. oktober klokka 12.00 – norsk

2. november klokka 12.00 – norsk

17. november klokka 09.30 – engelsk

17. november klokka 18.30 – norsk kveldssamling, tilpassa dei som er på jobb på dagtid

 

I løpet av programmet får du:

- utvikle prosjektet ditt steg for steg basert på S-E-A-M - presentere prosjektet for rådgivarar og deltakarar - råd, innspel, motivasjon og inspirasjon frå dei andre deltakarane - eit nettverk som kan hjelpe deg å nå dine mål. Målet er at du skal ende opp med ein tydelig plan for korleis du kan jobbe vidare med prosjektet ditt.

 

Lær om sosialt entreprenørskap

Er du oppteken av å løyse samfunnsutfordringar gjennom ei verksemd? Programmet om sosialt entreprenørskap startar med ei fysisk samling i Ålesund 3. og 4. november, med digitale samlingar i etterkant. Du treng ikkje ha alle delar av ideen på plass for å delta på den fysiske samlinga.

 

Gratis for deltakarar frå Møre og Romsdal

Programma er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal. Du finn alle datoane og kan melde deg på på påmeldingssida for hoppid.no.

 

Kanskje er dette hausten du tek spranget?

Mange sit på gode idear utan å vite korleis dei skal kome vidare. Gjennom introduksjonen, «Starte og drive» eller programmet om sosialt entreprenørskap kan du få rettleiing, verktøy og eit fagleg fellesskap som hjelper deg med å teste og utvikle ideen.