Har du ein forretningsidé? Få hjelp til å hoppe i det

Har du ein forretningsidé? Få hjelp til å hoppe i det

Har du ein idé til eit produkt eller ei teneste? Eller har du ei bedrift du ønskjer å utvikle vidare? Då kan hoppid.no vere ein god stad å starte.

Pexels.com

Gjennom programmet får deltakarane hjelp til å utvikle forretningsideen sin steg for steg. Målet er at fleire skal våge å ta vegen frå idé til handling, og sitje att med ein konkret plan for korleis prosjektet kan utviklast vidare.

Frå idé til plan

Hoppid.no Oppstart passar både for deg som går med ein ny forretningsidé i magen og for deg som allereie driv næringsverksemd og ønskjer å vidareutvikle henne.

Programmet består av introduksjonssamlingar der du kan finne ut om dette er noko for deg, før resten av kurset tek deg gjennom tema som forretningsidé, målgrupper, forretningsmodell, målsetjingar, økonomi og finansiering.

Mellom samlingane arbeider du med ditt eige prosjekt og får oppfølging frå ein hoppid.no-rådgivar.

Du får meir enn berre kunnskap

Som deltakar får du:

  • utvikle prosjektet ditt steg for steg
  • presentere idéen din for rådgivarar og andre deltakarar
  • råd, innspel og motivasjon frå andre som er i same situasjon
  • tilgang til eit nytt nettverk av gründerar og næringsaktørar
  • hjelp til å lage ein plan for vegen vidare

Programmet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.

Kanskje er dette året du tek spranget?

Mange sit på gode idéar utan å vite korleis dei skal kome vidare. Hoppid.no Oppstart gir deg verktøy, rettleiing og eit fagleg fellesskap som kan hjelpe deg med å teste og utvikle idéen din.

Interessert?

Sjå meir informasjon, datoar og påmelding på hoppid.no