Håpar flest mogleg vil gå eller sykle til skulen

Håpar flest mogleg vil gå eller sykle til skulen

Måndag 17. august er det klart for skulestart, og oppvekstavdelinga i Ulstein kommune vil gjerne kome med ei oppmoding om at flest mogleg går eller syklar til skulen sin. 

Rektor Synnøve Haug og assisterande rektor Ole-Jabob Arnesen framfor den nye droppsona ved Ulsteinvik barneskule. - Klikk for stort bileteRektor Synnøve Haug og assisterande rektor Ole-Jacob Arnesen oppmodar til at droppsona ved Ulsteinvik barneskule ikkje blir ei ventesone. Ulstein kommune

 

Ved Ulsteinvik barneskule er det laga ei ny droppsone ved Ulstein arena der elevane kan settast av før dei går opp til skulen.

Rektor ved Ulsteinvik barneskule, Synnøve Haug, fortel at dei tilsette gler seg til å ta imot elevane til eit nytt skuleår.

Samstundes kjem ho med ei påminning til elevar og føresette. 

- Vi vil minne om at droppsona ikkje er ei ventesone. Om ein blir ståande så kan det skape trafikkfarlege situasjonar og køar, seier Haug.

- Om alle skal køyre til skulen vil det bli utfordringar. Difor ønsker vi at flest mogleg går eller syklar til skulen. 

- Ein snarveg til betre helse

- Barn og unge er tilrådd fysisk aktivitet i 60 minutt for dag. Fysisk aktivitet i form av å gå til skulen kan vere ein snarveg til å fylle kvota med moderat intensitet og vere med på å bidra til betre helse gjennom livet, oppmodar kommuneoverlege i Ulstein, Inger Lise Kaldhol. 

- Fysisk aktivitet styrkar både fysisk og psykisk helse. Til dømes vil ein inaktiv 20-åring som startar med å vere i aktivitet som gir litt pulsauke 10-15 minutt for dag, vinne åtte friske leveår i forventa levealder. Ingen medisinar ein kan ta er i nærheita av å kunne gi tilsvarande effekt.  

Den nye busshaldeplassen ved Ulsteinvik barneskule. Ulstein kommune

 

- Gå til skulen

 Helsesjukepleiarane ved Ulsteinvik barneskule, Hanne Hatløy og Cathrine Follestad, fortel at barn og ungdom som går eller syklar til skulen får fysisk aktivitet som styrkjer helsa, stimulerer hjernen og aukar konsentrasjonsevna. Dei to kjem med ei rekke gode grunnar til å ta beina fatt:

  • Gåturen bidreg til betre kondisjon og sterkare musklar og skjelett. 
  • Frisk luft om morgonen kan gjere elevane meir vakne og konsentrerte i undervisninga. 
  • Å gå til skulen gir barn høve til å bli meir sjølvstendige og ansvarlege. 
  • Dei lærer å orientere seg i nærmiljøet og ferdast trygt i trafikken. 
  • Mange opplever det som sosialt å gå saman med venner til og frå skulen. 
  • Gåturen kan gi ein roleg overgang mellom heim og skule og redusere stress. 
  • Færre bilar rundt skulen skaper eit tryggare trafikkmiljø for alle elevane. 
  • Når fleire går i staden for å bli køyrde, blir det mindre forureining og utslepp. 
  • Regelmessige gåturar til skulen kan bidra til gode vanar for fysisk aktivitet som varer livet ut.

 

Bilete av helsesjukepleiarane Hanne Hatløy og Cathrine Follestad som begge jobbar ved Ulsteinbarneskule - Klikk for stort bileteHelsesjukepleiarane Hanne Hatløy og Cathrine Follestad. Ulstein kommune

 

Ny start-tid 

Skulestart er no 08.15, og vi ser føre oss at presstida utanfor skulen vert frå 08.00 til 08.15, og vi håpar dei som køyrer til skulen ikkje alle kjem på same tid, seier rektor ved *Ulsteinvik barneskule, Synnøve Haug. 

- Elevane som kjem i buss, skal kome til busshaldeplassen kl. 08.00, og der vil vere folk frå skulen som tek dei imot og fyl dei opp.

#El-syklar 

- For elevar som nyttar el-syklar vil vi kome med ei oppmoding til dei føresette: de må vere sikre på at barnet kan handtere ein el-sykkel på ein sikker måte, og kan dei nasjonale reglane for el-syklar. Vi har hatt tilfelle av trafikkfarlege situasjonar og påkøyrslar, minner rektor om, og ønskjer alle elevane ein fin skulestart.

N.B. Det er gjort fleire trafikktryggingstiltak rundt Ulsteinvik barneskule, og meir vil kome etter kvart. Meir informasjon om desse tiltaka vil kome til elevar og føresette.

Droppsona ved Ulsteinvik barneskule. Her kan dei som må køyre til skulen stoppe og sleppe av elevane sine. Men ikkje bli ståande. Ulstein kommune