Han er ny rektor ved Ulstein ungdomsskule

Han er ny rektor ved Ulstein ungdomsskule

Portrett av Trond Berg, med Ulstein kyrkje i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteTrond Berg er tilsett som rektor ved Ulstein ungdomsskule. Janne-Marit Myklebust

– Eg er genuint interessert i ungdom, og gler meg til å verte kjent med flotte elevar og tilsette.

Det seier Trond Berg, som denne veka vart tilsett som ny rektor ved Ulstein ungdomsskule, etter Tor Arne Aasen.

Berg er tidlegare rektor for Sunnmøre folkehøgskule, ein jobb han hadde i 11 år. Sidan har han hatt til saman 25 år som leiar med personalansvar, mellom anna 14,5 år i Ulstein Group.

I dag driv han eige firma og er vikar på kompentansesenteret. Tidlegare har han vore leiar i Dimna IL og han er no aktiv i KFUM/KFUK.

– Motivasjonen min for å søke på rektorjobben er det å få lov til å jobbe med ungdom og legge til rette for at dei skal få ein god læringsarena. Eg vil jobbe for å få til eit godt samarbeid med elevar, tilsette og føresette, og det er vi som saman skal bygge opp ein god arena for ungdomen å lære og vere i.

Berg skal etter planen starte i jobben 1. august.