Han er årets nyskapar i Ulstein – og årets miljøskapar!

Han er årets nyskapar i Ulstein – og årets miljøskapar!

Årets nyskapar 2024 vart overraska på jobb med diplom, kake, konfetti og jubel! I tillegg fekk han utmerkinga Årets miljøskapar 2024.

Lars Rune og Stian med diplom og konfetti - Klikk for stort bileteLars Rune Skeide og ordførar Stian Skorgen Scheide. Janne-Marit Myklebust

Årets nyskapar i Ulstein kommune 2024 er Lars Rune Skeide.

Han tek også med seg tittelen Årets miljøskapar inn i 2025 - ein pris han fekk under Ulstein kommune sin personalfest på Sjøborg fredag 7. februar.

Gratulerer!

Lars Rune og Maria på scena. - Klikk for stort bileteLars Rune Skeide på scena saman med konferansier og songar Maria Holand Tøsse under personalfesten til Ulstein kommune, 7. februar. Janne-Marit Myklebust

Skeide jobbar som hjelpemiddelteknikar og ambulerande servicemedarbeidar i helse og omsorg, og vert skildra som ein løysingsorientert ja-mann av kollegaene sine.

I grunngjevinga for prisane står det:

Lars Rune finn stadig nye løysingar på utfordringane han møter. Han er fleksibel og ikkje redd for å prøve noko nytt eller å gi litt ekstra. Han er der når nokon treng han. Dette forenklar livet til både brukarar og tilsette.

Kollegaene som nominerte Skeide seier også at han strekker seg lenger enn det dei kan forvente, og at han er rask med å reparere og fikse hjelpemiddel som gjer kvardagen enklare for både tilsette og brukarar.

Prisen for Årets nyskapar er 2 000 kroner og eit valfritt kurs. 

Årets nyskapar vart overraska av ordføraren på jobb denne veka:

Kriteria

Kvart år deler Ulstein kommune ut pris til årets nyskapar og årets nyskaping. Det er dei tilsette i kommunen som kan nominere kollegaene sine, etter visse vilkår:

Følgjande kriteria ligg til grunn for nominasjon og utveljing (eit eller fleire):

  • det skal vere noko som har blitt realisert eller prøvd realisert i nominasjonsåret
  • det skal vere noko som opplevast som nytt
  • det skal vere nyttig for brukarar, innbyggarar og/eller tilsette
  • det er med på å styrke berekrafta 
  • det skal gjerne redusere kostnadar og frigjere kapasitet
  • prosjekt som har hatt fokus på brukarbehov
  • prosjekt som har fått til samskaping i praksis

 

Det er formannskapet som innovasjonsnemnd som kårer vinnaren.