Det er god stemning i Bell Ungdomsklubb sine lokale då 6.klassene ved Hasund skule er på besøk. Desse var først ut med å nytte seg av tilbodet om klassefest der ein vaksen frå Ung Arena Ulstein arrangerer i samarbeid med lærarar eller føresette.
-I tillegg til å bidra til det sosiale miljøet i klassene får 6.klassingar mulegheit til å bli kjent med MOT-klubben Bell i trygge rammer. Frå januar, etter at alle 6.klasser har vore på besøk, blir det MOT-klubb annakvar tysdag for alle 6.klassingar i Ulstein kommune, forklarar ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein.
Tilbodet om klassefest vart starta under pandemien, og vart så godt mottatt at Ung Arena Ulstein har heldt fram med desse arrangementa. Nokre klasser vel å besøke klubben i skuletid, medan andre besøker Bell på kveldstid.
God stemning med 6.klassene ved Hasund skule samla på Bell Ungdomsklubb. Dei seier tusen takk for klassefest med gratis pizza, saft og kake. - Vi setter stor pris på samarbeidet med sanitetsforeiningane og Napoli Pizza Ulsteinvik, som gjer det muleg for oss å invitere til desse sosiale arrangementa, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin.
Bell ungdomsklubb
Gode samarbeidspartnarar
-Vi kan invitere til klassefestar med gratis pizza, saft og kake takka vere våre faste samarbeidspartnarar, fortel Flatin.
Gjennom fleire år har Ulsteinvik sanitetsforeining, Hasund- og Sundgot sanitetesforeining og Haddal sanitetesforeining sponsa med midlar. I tillegg er Napoli Pizza Ulsteinvik med som samarbeidspartnar med ein god avtale med pizza til redusert pris.
-Utan desse hadde ikkje dette vore muleg. Vi setter stor pris på samarbeidet med sanitetsforeningane og Napoli Pizza, held Flatin fram.
Viktig førebyggande arbeid.
Samarbeidspartnarane er med fordi dei meiner det er viktig førebyggande arbeid.
-Vi i Hasund og Sundgot sanitetsforeining driv ikkje med aktivitetar for barn og unge sjølve, men vi set veldig pris på arbeidet som blir gjort i regi av Bell, så difor synest vi det er rett å støtte desse klasse- og trinnfestane økonomisk. Vi ser på det som førebyggande arbeid og veldig viktig at unge møtest fysisk også, ikkje berre gjennom spel og data, seier Perly Pedersen.
Dei andre sanitetsforeiningane stiller seg bak det Pedersen seier. I tillegg til å bruke midlar på klassefestar, blir også noko av pengane brukt til mat og drikke på møter med frivillige ungdommar som bidrar på aktivitetane i regi av Ung Arena Ulstein.
Ulstein frivilligsentral UNG organiserer mange av dei frivillige ungdommane, i samarbeid med valfaget «Innsats for andre» ved Ulstein ungdomsskule.
-Det har ein verdi at unge blir engasjert i frivillig arbeid, så at dei får litt lønn i form av mat på møter er dei vel unnt. Vi ynskjer lykke til vidare med det gode og viktige arbeidet, held Pedersen fram.
Mange gratis tilbod
I tillegg til klassefestar, arrangerer også Ung Arena Ulstein trinnfestar ved Ulstein Arena. I første omgang er 8.trinn ved Ulstein ungdomsskule inviterte fredag 17.oktober.
-På denne trinnfesten er dei som er skulerte som «Ung MOTivator» på 10.trinn med og hjelper til med aktivitetar og servering. Også 9. og 10.trinn vil få mulegheita til trinnfest om dei ønsker. Vi jobbar også med å få til liknande arrangement for 6. og 7.trinn , seier Flatin.
Dei eldste ungdommane, som går på vidaregåande skule har også tilbod. I tillegg til open ungdomskafé i Skaparhuset kvar onsdag kveld, er i denne omgang alle 1.klassene ved Ulstein vidaregåande skule inviterte til sosialt med klassa i ungdomskaféen.
-Vi er stolte av å kunne by på mange aktivitetar og arrangement for barn og ungdom i Ulstein. Vi har mellom anna ope gamingrom fast tre dagar per veke. Måndagar er det jentegaming som er nytt av hausten, og tysdagar og torsdagar er det to runde ope, for 5.-7.trinn og for 8.trinn-Vg3, fortel ungdomsarbeidar Flatin.
Annakvar tysdag er det MOT-klubb for 7.trinn, og for 8.-10.trinn ved Bell Ungdomsklubb – og minst ein gong per månad inviterer Ung Arena Ulstein til «Chillzone» med ope bibliotek, gamingrom og open hall.
-I tillegg til dei faste aktivitetane jobbar vi med «UKM – året rundt» der vi også dette skuleåret vil kunne by på ulike workshopar. Alt av aktivitet, og utstyr vi kjøper til desse aktivitetane, skjer takka vere ulike midlar som vi søker på, avsluttar Flatin.