Gir rask tilgang på viktige helseopplysningar

Gir rask tilgang på viktige helseopplysningar

Kjernejournal er no tilgjengeleg for kommunane på søre Sunnmøre.

Illustrasjon. To hender held ein iPad. - Klikk for stort bileteIllustrasjon. Pixabay.com
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Alle innbyggarar i Noreg har tilgang til eigen kjernejournal via Helsenorge.no. Kjernejournal er ei enkel og sikker samhandlingsløysing for helse- og omsorgssektoren som gir rask tilgang til vesentlege helseopplysningar.

Helsepersonell på søre Sunnmøre fekk den 17.april opplæring i korleis gjere oppslag i Kjernejournal via fagsystemet Gerica.

Alle har kjernejournal

Kjernejournal er ei delingsplattform for viktig helseinformasjon. Storparten av innhaldet i pasienten sin kjernejournal vert henta direkte frå offentlege register. Det kan vere Folkeregisteret, Fastlegeregisteret, Reseptformidlar, Norsk Pasientregister og Difi- kontaktregister.

Alle innbyggarar i Noreg har fått tildelt kjernejournal. Det er innført i alle sjukehus, legevakter og hos dei fleste fastlegar. Kjernejournalen hentar inn besøksstatistikk frå spesialisthelsetenesta, og har tilgjengeleg 3 års historikk på utleverte legemidlar.

For enkelte pasientar er det fylt ut kritisk informasjon. Innbyggar kan sjølv registrere eigne opplysningar om næraste pårørande og viktige kontaktpersonar i helsetenesta. Innbyggar kan avgrense eller sperre delar av kjernejournalen og sjå logg på kven som har gjort oppslag.

Oppslag

Det er berre autorisert helsepersonell som sjukepleiar, vernepleiar, psykolog og lege som kan gjere oppslag i kjernejournalen. Det er obligatorisk opplæring. Tilsette skal ha eit arbeidstilhøve i kommunal helseteneste og logge seg inn via sikker pålogging. Tilsette skal berre gjere oppslag der det er eit tenestleg behov i høve til yting av helsehjelp. Førebuing og etterarbeid er også definert som helsehjelp.

Eksempel på naudsynt oppslag er innhald i kjernejournalen som fastlege, helsekontakter, pårørande, kritisk informasjon og ulike legemiddel.

Utfyllande informasjon er å finne på Norsk Helsenett sine sider: https://www.nhn.no/tjenester/kjernejournal/hva-er-kjernejournal og på Helsenorge.no