Frivilligprisen 2025 til Mona Riste

Frivilligprisen 2025 til Mona Riste

Ulstein kommune gratulerer Mona Riste som mottakar av Frivilligprisen 2025!

Ulstein frivilligsentral

Mona Riste er eit strålande døme på kva frivillig innsats betyr for lokalsamfunnet vårt. Ho er ei engasjert dame som alltid stiller opp når det trengst – og ho seier aldri nei når nokon ber om hjelp.

Gjennom mange år har Mona vore ein aktiv bidragsytar i Ulstein Revmatikarlag, der ho har lagt ned utallege timar for å skape eit godt miljø og støtte andre. I tillegg gjer ho ein stor innsats som frivillig ved Frivilligsentralen, der ho hjelper til med både små og store oppgåver.

Frivilligprisen er ei anerkjenning til personar som gjer ein ekstra innsats for fellesskapet. Mona Riste er ein verdig vinnar, og vi takkar henne for alt ho har gjort – og framleis gjer – for Ulstein.

Gratulerer, Mona!