FotballtrøyeFredag: Støtt kampen mot barnekreft!

FotballtrøyeFredag: Støtt kampen mot barnekreft!

Dei tilsette på rådhuset i Ulstein kommune er med på FotballtrøyeFredag og støttar Barnekreftforeningen i kampen mot barnekreft.

Tilsette på Ulstein rådhus i fargerike fotballtrøyer på rådhustrappa - Klikk for stort bileteTilsette på Ulstein rådhus håpar så mange som mogleg er med på FotballtrøyeFredag Ulstein kommune

 

Fredag 29. mai er FotballtrøyeFredag. Ein dag du kan markere di støtte til Barnekreftforeningen ved å ta på deg drakta til ditt favorittlag.

I dag tek små og store på seg fotballtrøyer til barnehagen, skulen eller jobb i kampen mot barnekreft. 

- FotballtrøyeFredag handlar om noko langt større enn fotballdrakter. Det handlar om fellesskap, om å stille opp for kvarandre - og om å gi håp til born og familiar som står i sitt livs tøffaste kamp, seier generalsekretær i Barnekreftforeningen. Trine Nicolaysen, om denne fredagen.

Rådhuset er med i kampen

På Ulstein rådhus er draktene like varierte og fargerike som dei tilsette. 

Hødd er sjølvsagt ein gjengangar.

I lunsjen har heldige tilsette på rådhuset nytt heimelaga kanelbollar og kaffi, mot eit lite bidrag til Barnekreftforeningen.

Kvifor FotballtrøyeFredag?

  • For å vise vår støtte til born og unge med kreft
  • For å samle inn pengar til livsviktig forsking
  • Fordi born har mykje dei skal oppleve, men mange born og unge kan ikkje vere med på si favorittaktivitet på grunn av alvorleg sjukdom

 

Om du vil gi di støtte til kampen mot barnekreft, gå inn på Barnekreftforeningen.no eller nytt Vipps. 

Vi er alle på same lag i kampen mot barnekreft. Ingen born skal døy av kreft!