Første Rosa sløyfe-løp i Ulsteinvik

Første Rosa sløyfe-løp i Ulsteinvik

Laurdag 10. oktober blir det arrangert Rosa sløyfe-løp i Ulsteinvik for første gong.

Laurdag er det Rosa sløyfe-løp i Ulsteinvik. Biletet syner ein rosa ballong med logoen til Rosa sløyfe-aksjonen. - Klikk for stort bileteLayrdag er det Rosa sløyfe-løp i Ulsteinvik. Rosa sløyfe-aksjonen/Steffen Aaland

Komande laurdag kan du gå eller springe for ei god sak. Då vert det arrangert Rosa sløyfe-løp i Ulsteinvik for første gong. 

Det har vore Rosa sløyfe-løp i både Herøy og Ørsta, og no går kulturavdelinga i Ulstein kommune saman med Ulstein Næringsforum og Brystkreftforeningen Søre Sunnmøre for å arrangere løp i Ulsteinvik.

Ulstein kommune var representerte under Rosa sløyfe-løpet i Herøy med ei stor gruppe frå helse og omsorg.

Helse og omsorg i Ulstein kommune stilte med mange deltakarar i Rosa sløyfe-løpet i Herøy. - Klikk for stort bileteHelse og omsorg i Ulstein kommune stilte med mange deltakarar i Rosa sløyfe-løpet i Herøy. Ulstein kommune

Ver med og skap engasjement for ei viktig sak

Rosa Sløyfe-løpet er eit lågterskel arrangement der alle kan delta, anten du vil springe, gå eller berre vere med på ei sosial og viktig markering. 

Målet er å skape aktivitet og engasjement rundt Rosa Sløyfe-aksjonen og samtidig samle folk til ein fin dag i Ulsteinvik. 

Start og mål er ved Ulstein Arena. 

Les meir om Rosa Sløyfe-løpet i Ulsteinvik og meld deg på her:
Rosa Sløyfe-løpet Ulsteinvik 2026
 

Rosa Sløyfe-aksjonen 

Rosa Sløyfe er ein årleg aksjon i oktober, eigd av Brystkreftforeningen og Kreftforeningen. 

Aksjonen skal skape merksemd og engasjement rundt brystkreft, vise solidaritet med dei som er ramma og bidra til meir kunnskap og forsking. 

Pengane som blir samla inn, går mellom anna til brystkreftforsking, slik at vi kan få betre førebygging, tidlegare oppdaging, meir treffsikker behandling og betre oppfølging av dei som blir ramma. 

Rosa Sløyfe-løpet er ein del av aksjonen, og ein fin måte å kombinere aktivitet, fellesskap og støtte til ein viktig sak.

Deltakarane frå helse og omsorg i Ulstein kommune ved målstreken i Rosa sløyfe-løpet i Herøy. - Klikk for stort bileteDeltakarane frå helse og omsorg i Ulstein kommune ved målstreken i Rosa sløyfe-løpet i Herøy. Ulstein kommune


 Nytt år, nytt fokusområde 

Kvart år har Rosa sløyfe-aksjonen eit nytt tema som set søkelys på ulike sider ved brystkreft. 

Tema varierer – frå persontilpassa behandling, tidleg oppdaging og seinskadar til arveleg brystkreft og livet med uhelbredeleg sjukdom. 

I år set aksjonen fokus på livet med og etter brystkreft.