Første middag i fellesstova i Skollebakken

Første middag i fellesstova i Skollebakken

Kranselag for tett tak vart feira med brennsnut og langbord i det som skal verte fellesstova i Skollebakken 1 – bygget som skal romme 20 omsorgsbustader og kontorplassar til mellom andre kommunepsykologane, heimetenesta og tenesta for psykisk helse og rus

Langbord. - Klikk for stort bileteLangbord i det som skal vere fellesstova i Skollebakken 1. Brennsnut på menyen. Janne-Marit Myklebust

– Det er kjekt at vi som byggherre kan gjere stas på de som arbeider her og reiser bygget vi står i.  Vi gler oss veldig over kor fort det har gått og kor bra det ser ut, helsa prosjektleiar Anne Hestflått frå eigedomsavdelinga i kommunen, då ho ønskte velkomen til langbord med brennsnut i det som skal verte fellesstova i nybygget.

Anne Hestflått på taket. - Klikk for stort bileteAnne Hestflått frå eigedomsavdelinga – på toppen av verda, eller i alle fall på toppen av Skollebakken 1 med utsikt over heile Ulsteinvik. Janne-Marit Myklebust

Det er Peab K. Nordang som er hovudentreprenør for Skollebakken 1.

Anleggsleiar og assisterande prosjektleiar Sunniva Slettebakk fortalde litt om byggeprosessen.

–Det har vore hektisk, men også ein god og lærerik periode. Vi starta i fjor sommar med grunnarbeid og fundament. I september rigga vi mobilkrana vår opp og starta på råbygget av betong og stål. Då skjelettet var oppe var vi like raskt i gang med ytterveggselement med ferdig insette vindauge. Så det har gått rasande fort. 

Slettebakk fortel at dei hadde eit hårete mål om å få tett bygg før jul.

– Det vil eg seie at vi klarte 95 prosent. Det gjorde at vi også fekk tjuvstarta litt med produksjonstoget inne, og vi er godt igang også her.

Etter planen skal bygget overleverast til kommunen i januar 2026.

Anleggsleiar Sunniva Slettebak inne i Skollebakken 1. - Klikk for stort bileteAnleggsleiar Sunniva Slettebakk illustrerer veggen til ein av omsorgsbustadene i Skollebakken 1. Janne-Marit Myklebust

– Eg trur mange innbyggarar gler seg like mykje som oss i kommunen over dette bygget, seier Anne Hestflått.

– Mange har allereie spurt om å få flytte inn, seier ho lattermildt.

– Og så er det spennande å få eit slik merkebygg ved inngangen til Ulsteinvik sentrum.

Skollebakken 1 frå utsida. - Klikk for stort bileteBygg reis deg! Skollebakken 1 tek form. Janne-Marit Myklebust

Leiar for heimetenestene, Heidi Strand gler seg stort over at bygget tek form, og ser fram til å få flytte inn i nye lokale.

– Det vert ei anna verd, trur ho, mens ho fotograferer inne i det som skal verte dei nye lokala for heimetenesta.

– Vi gler oss ubeskriveleg til å kome inn i meir tenlege lokale.

Heidi og Kristin med verneutstyr. - Klikk for stort bileteLeiar for heimetenestene, Heidi Strand og kommunalsjef helse og omsorg, Kristin Vik, på besøk i Skollebakken 1. Janne-Marit Myklebust

Ordførar Stian Skorgen Scheide var også med og fekk ta ein nærare kik på bygget som han fortel han passerer kvar morgon på veg til jobb.

Ute på altanen. - Klikk for stort bileteLufting på altanen. Ordførar Stian Skorgen Scheide, leiar for heimetenesta, Heidi Strand og kommunedirektør Jarl Martin Møller. Janne-Marit Myklebust

– Det har vore spennande å følge med på utviklinga. Og det er spesielt å stå inne i bygget og sjå med eigne auge korleis det tek form. Det er noko heilt anna enn å sjå det føre seg når du har det teikna på eit papir. Dette skal vere eit bygg for dei som treng omsorg, der vi tenker nytt ved å samle heimetenestene og tenesta for psykisk helse og rus i same bygget som 20 omsorgsbustader. Her skal dei spele på kvarandre sine ressursar. Det er eit steg inn i framtida og ei utvikling som vi ønsker. Takkf or at de står på og reiser dette bygget vårt, helsa han.

Arbeid inne i Skollebakken 1 - Klikk for stort bileteSakte, men sikkert tek også innsida av Skollebakken 1 form. Utsikta er upåklageleg frå alle rom og retningar. Janne-Marit Myklebust Utsikt over Ulsteinvik. - Klikk for stort biletePå toppen med utsikt over sentrum. Ordførar, kommunedirektør og kommunalsjef helse og omsorg nyt synet. Janne-Marit Myklebust Arbeid med leidningar it aket.  - Klikk for stort bileteDet er mykje som skal på plass, men arbeidet innvendig i Skollebakken 1 er godt i gang. Janne-Marit Myklebust På taket. Utsikt. - Klikk for stort biletePlasseringa av bygget, sentralt i Ulsteinvik, gir strålande utsikt i alle retningar. Janne-Marit Myklebust Inne i Skollebakken 1 under byggeperioden. - Klikk for stort bileteMykje godt arbeid er gjort, og mykje godt arbeid står att. Janne-Marit Myklebust