Felles innsats for trygge oppvekstmiljø

Felles innsats for trygge oppvekstmiljø

Korleis kan vi førebyggje utanforskap, radikalisering og kriminalitet blant barn og unge? Dette var hovudtema då SLT-samarbeidet i Ulstein og Hareid samla ca 300 fagfolk, frivillige og samarbeidspartnarar til fagsamling på Sjøborg.

Folkehelsekoordinator i Hareid kommune, Silje Kiperberg Aksnes,  Psykologspesialist Kirsten Holtmon Resaland, professor Kathrine Thorleifsson og SLT-koordinator i Ulstein kommune, Vedrana Terzic.  - Klikk for stort bileteFolkehelsekoordinator i Hareid kommune, Silje Kiperberg Aksnes, Psykologspesialist Kirsten Holtmon Resaland, professor Kathrine Thorleifsson og SLT-koordinator i Ulstein kommune, Vedrana Terzic. Ulstein kommune

SLT står for Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak. Gjennom eit tett samarbeid mellom kommunane, politiet og andre aktørar arbeider Ulstein og Hareid systematisk for å styrkje oppvekstmiljøa og setje inn tidlege tiltak når det er behov for det.

SLT-koordinatorane Vedrana Terzic og Silje Kiperberg Aksnes orienterte om arbeidet i regionen. Dei peika på at førebygging handlar om meir enn å hindre kriminalitet. Arbeidet heng tett saman med innsatsen mot utanforskap og med Betre tverrfagleg innsats/samhandlings-arbeidet (BTI/BTS), der målet er å fange opp utfordringar tidleg og sikre god oppfølging.

Silje Kiperberg Aksnes i Hareid kommune og Vedrana Terzic i Ulstein kommune ønskte velkomen til felles fagdag. - Klikk for stort bileteSilje Kiperberg Aksnes i Hareid kommune og Vedrana Terzic i Ulstein kommune ønskte velkomen til felles fagdag. Ulstein kommune

Utanforskap og radikalisering

Professor Kathrine Thorleifsson frå Universitetet i Oslo, som leia den regjeringsoppnemnde Ekstremismekommisjonen, skildra korleis sosiale medium og digitale fellesskap har endra radikaliseringsbiletet.
Ho peika på at barn og unge i dag møter langt fleire påverknader gjennom digitale plattformer enn tidlegare, og at ekstremistiske miljø i aukande grad rekrutterer på nett. Samstundes viste ho til at utanforskap, omsorgssvikt, vald og manglande tilknyting til arbeid eller utdanning ofte går att hos personar som seinare har utført alvorlege valds- og terrorhandlingar.
Bodskapen hennar var tydeleg: Inkluderande fellesskap, medverknad og samarbeid på tvers av tenester er noko av det viktigaste vi kan gjere for å førebyggje radikalisering.

Professor Kathrine Thorleifsson frå Universitetet i Oslo var leiar for Ekstremismekommisjonen. - Klikk for stort bileteProfessor Kathrine Thorleifsson frå Universitetet i Oslo var leiar for Ekstremismekommisjonen. Ulstein kommune

Viktigheita av den ærlege samtalen

Psykologspesialist Kirsten Holtmon Resaland delte erfaringar frå arbeidet med ungdom som vaksne er uroa for.
Ho oppmoda dei vaksne til å stille opne spørsmål og vere førebudde på å lytte til svara dei får. Ungdom deler ofte mindre med vaksne enn tidlegare, og då blir det ekstra viktig å skape rom for ærlege samtalar utan å møte dei med ferdige konklusjonar.
Resaland understreka at gode samtalar krev både tid, tolmod og vilje til å møte ungdom der dei er.

Frivilligheita som viktig medspelar

Kai Sunde frå Frivillighet Norge presenterte det nye prosjektet Motkraft, som skal styrkje frivillige organisasjonar i arbeidet mot ekstremisme.
Målet er å gi frivilligheita kunnskap, verktøy og støtte til å handtere uro og spørsmål knytte til radikalisering. Frivillige lag og organisasjonar møter mange barn og unge i kvardagen og kan vere viktige arenaer for inkludering og tilhøyrsle.

Kai Sunde frå Frivillighet Norge. - Klikk for stort bileteKai Sunde frå Frivillighet Norge. Ulstein kommune

Tilhøyrsle er den viktigaste faktoren

Politiet i Møre og Romsdal løfta fram behovet for å styrkje den demokratiske motstandskrafta i samfunnet. Dei peika på at polarisering og splitting er sentrale verkemiddel for ekstreme miljø.
Eit gjennomgåande tema gjennom heile fagsamlinga var at barn og unge treng å kjenne at dei høyrer til. Tilhøyrsle til familie, skule, fritidsaktivitetar og lokale fellesskap er noko av det viktigaste grunnlaget for å førebyggje både utanforskap, radikalisering og kriminalitet.
Fagsamlinga synleggjorde kor viktig samarbeid mellom kommune, politi, frivilligheit og lokalsamfunn er for å skape trygge og inkluderande oppvekstmiljø for barn og unge i Ulstein og Hareid.

Politiet i Møre og Romsdal snakka om kor viktig det er for barn og unge å kjenne at dei høyrer til. - Klikk for stort biletePolitiet i Møre og Romsdal snakka om kor viktig det er for barn og unge å kjenne at dei høyrer til. Ulstein kommune