Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Karen Strand, og regionleiar i MOT Møre og Romsdal og Kinn, Peter Orry Larsen.
Ulstein kommune.
Det var bortimot full sal når Ulstein kommune inviterte til foreldremøte før Ulstein skule og Ulsteinvik barneskule skal samlast til ein felles skule frå hausten.
- Vi står no ved starten av noko nytt. Å byggje ein felles skule tek tid, men det gir oss også ei unik moglegheit til å skape noko vi kan vere stolte av saman. Med elevane i sentrum, med eit tett samarbeid mellom heim og skule, og med eit felles mål om å skape ein trygg, inkluderande og god kvardag, har vi eit godt utgangspunkt, sa kommunalsjef for oppvekst og kultur, Karen Strand, då ho ønskte alle dei frammøtte velkomne.
Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Karen Strand.
Ulstein kommune.
– Skal ta med oss det beste frå begge skulane
Å gå inn i noko nytt er spanande og inspirerande, men det er også vemodig og sårt å gå frå noko kjent og kjært. Det anerkjende kommunalsjefen i opningstalen sin.
- Vi er klar over at ei samanslåing av to skular kan vekkje ulike kjensler. For nokon er dette ei spennande tid med nye moglegheiter, medan andre kan kjenne på usikkerheit eller sakn etter det som var. Begge delar er heilt naturleg. For oss er det viktig å anerkjenne dette, og å vere tydelege på at vi tek både elevane sine og dykkar opplevingar på alvor i denne overgangen. Vi er opptekne av å ta med oss det beste frå begge skulane vidare, slik at vi byggjer noko nytt på eit godt fundament.
– Elevane er klare
Rektor ved Ulstein barneskule, Norunn Lindvik Velsvik.
Ulstein kommune.
Etter kommunalsjefen var det rektorane ved dei to skulane sin tur til å snakke til foreldra i salen.
- I kveld avsluttar ein skule som har vore viktig i 50 år, og på vegen vil elevane ta med seg humor, mot og eit inkluderande skulemiljø. I kveld startar vi også prosessen med at de føresette får bli betre kjende med kvarandre. Vi opplever at elevane ved begge skulane er klare. Vi skal bygge gode relasjonar. Det bidreg til tryggleik og tillit, sa rektor ved Ulstein skule, Norunn Lindvik Velsvik.
– Det har vore mykje aktivitet for at dei to skulane skal bli kjende med kvarandre, og elevane har møtt kvarandre med nyfikenheit, glede og openheit, sa rektor ved Ulsteinvik barneskule, Synnøve Haug.
– Dette er ikkje « vi og dei». No handlar det om «oss»!
Rektor ved Ulsteinvik barneskule, Synnøve Haug.
Ulstein kommune.
– Verdas mest verdifulle jobb
Peter Orry Larsen i MOT engasjerte salen då han snakka om å vere førebilete som foreldre, og vere med på å skape robuste born og unge som er trygge på seg sjølve.
– Eg tenkte eg hadde verdas kulaste jobb når eg spelte fotball for AaFK og Brann. Det var gjennom klubbane eg vart forelska i MOT, og no har eg verdas mest verdifulle jobb, sa han, og poengterte kor viktig det var for han å vere med foreldra i Ulstein kommune denne kvelden.
– Eg går faktisk glipp av AaFK-Brann kampen i kveld. Så viktig er det for meg!
Peter Orry Larsen haldt eit engasjerande innlegg under foreldremøtet.
Ulstein kommune.
Fekk fram smilet og latteren
– Vi vil gi barn og unge ei verktøykasse til å meistre livet. Å tole livet, fikse ting sjølv og bry seg om andre, det er MOT. Vi arbeider for å skape relasjonar med dei unge gjennom ein kombinasjon av å skape «godkjensla», forståing av dei unge sin bakgrunn og «tøff kjærleik». Vi arbeider førebyggande, og vi vil ansvarleggjere kulturbyggarar – også de som foreldre, sa Orry Larsen, som involverte deltakarane på foreldremøtet til aktivitet saman. Noko som fekk fram smilet og latteren i salen.
Aktivitetane handla m.a. om å vere bevisst på det ein seier og gjer.
– Det er dei små tinga som betyr mykje for kvardagen til born og unge. Som foreldre er de rollemodellar for borna. Det er ikkje noko de kan velje. Men de kan velje å vere eit bevisst eller eit ubevisst forbilde.
Peter Orry Larsen fekk fram smilet og latteren når han sette deltakarane på foreldremøtet i aktivitet.
Ulstein kommune.
- Det skjer noko magisk når vi først bestemmer oss
Den siste talaren til foreldremøtet var kommunepsykolog Thomas Brandal Myklebust.
– Den reisa som gjer at vi sit her i dag, den byrja for lenge sidan. Då kom beskjeden om at ein skule vart lagt ned. Sidan har de vore i ein prosess. Vi har ulike behov i slike prosessar, og det må vi ha respekt for. Vi er ulike, men prosessar utviklar oss. At ting tek tid utviklar oss. Det kjem til å bli utfordringar, men vi må stå i lag. Det skjer nesten noko magisk med oss menneske når vi bestemmer oss for noko. Vi byrjar å sjå dei positive løysingane, sa Brandal Myklebust, og avslutta med ei oppmoding til alle i salen:
- Eg har funne at dei tre viktigaste orda for meg er «hei!», «takk» og «unnskyld».
Kommunepsykolog Thomas Brandal Myklebust.
Ulstein kommune.