Feira nytt tilbyggAlmejordet barnehage har fått eit etterlengta tilbygg og ansiktsløft av inngangspartiet. Dette har dei feira med kakefest og snorklipping.Ulstein Eigedomsselskap KF har bygd ut barnehagen medt grovgarderobe til avdelingane Tigergutt og Ole Brumm. Dei har også ordna eit ekstra toalett, og avdelingane har fått eigne inngangsdører. Ute har dei ordna eit tilrettelagt område for sovevogner. Fargerike detaljar og bokstavar på veggen ved det nye inngangspartiet er også endeleg på plass.Avdelinga Tigergutt har fått nytt inngangsparti. Stian Skorgen Scheide Høgtidleg snorklipping. Stian Skorgen Scheide Kommunalsjef Karen Strand fekk æra av å klippe snora. Ann-Christin Bonde Helliksen. Ulstein Eigedomsselskap stelte til skikkeleg fest med grillmat og kake. F.v. Idar Brekke, Anne Hestflått og Heidi Lunde. Ann-Christin Bonde Helliksen Ulstein Eigedomsselskap stilte med grillmat og kaker, og heile seansen vart toppa med besøk av den svært populære brannbamsen Bjørnis.Populær som få. Brannbamsen Bjørnis på besøk i Almejordet barnehage. Stian Skorgen Scheide Publisert 21.06.2024 12:56 Sist endra 21.06.2024 13:01