Feira bursdag med brask og bram

Feira bursdag med brask og bram

Det vart ein heilt spesiell dag for både barna og dei tilsette då Sundgotmarka barnehage fylte 30 år!

30-årsjubilanten Sundgotmarka barnehage. Barnehagen pynta med flagg og ballongar.
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Tekst: Ann Christin Bonde Helliksen

Leiar i barnehagen, Nora Wingsternes hadde pynta seg ekstra fint denne dagen, med sølvhatt, stjernebriller, bursdagsslips og klikk-klakk gullsko. 

Nora Wingsternes i sølvhatt og gult slips står framme på golvet. I forgrunnen ser du hovuda til barna som sit på govlet. - Klikk for stort bileteLeiar i Sundgotmarka barnehage, Nora Wingsternes hadde pynta seg ekstra for bursdagsfeiringa. Ann Christin Bonde Helliksen.

Etter ein høgtidleg opningsseremoni intorduserte Nora forestillinga "Den gåtefulle vegen til den hemmelege staden" - ei gåve med Teaterkompaniet Grep.

Framsyninga handlar om sommarfuglen Nalle og marihøna Nille som bur nede i skogbotnen. Ein tidleg vårdag vaknar dei frå vinterdvalen sin og bestemmer seg for å reise til den hemmelege staden for å bade.  Det vart ei morosam og lærerik reise om ulike vårteikn.

Svartkledd kvinne med gule sommarfuglvenger sit på eit grønt dekke. Barn i framgrunnen. - Klikk for stort bileteSommarfuglen Nalle i skogbotnen. Ann Christin Bonde Helliksen.

 

Ungane fekk ta aktivt del i forestillinga, og var med på å løyse oppgåver, hjelpe til og bidra inn i handlinga. Dei fekk synge mange av vårsongane dei kjenner frå før.

Dei små vart så engasjerte at meteren som var mellom scena og barna då framsyninga starta, var heilt vekke. Då siste scene fann stad, fekk små og store med stor glede kjenne dråpar frå badevatnet til Nalle og Nille i andletet. Det gav frydefulle hvin og mykje latter!

Person i raud kjole med svarte prikkar og raud parykk. - Klikk for stort bileteMarihøna Nille. Ann Christin Bonde Helliksen


Storfint besøk

Så kom sjølvaste ordføraren, og god venn av barnehagen, Knut Erik Engh på besøk og gav bursdagsblomster til barnehagen. Han fekk også vise fram sitt vakre og glinsande "slips, heilt på høgde med Nora sitt.

Ordførar med ordførarkjede på og leiar i barnehagen med gult slips. - Klikk for stort bileteMed like fine "slips". Ordførar Knut Erik Engh og barnehageleiar i Sundgotmarka, Nora Wingsternes. Ann Christin Bonde Helliksen


Og etterpå var det dans... eller, det vart i alle fall arrangert mange ulike aktivitetar for barna, både inne og ute, før det vart servert fiskeburger og kake til lunsj.

Nokre stikkord: hoppeslott, hinderløype, ansiktsmaling, fiskedam, såpebobler, bowling, skileik, følekasse, snøleik, klatring og måling av snø. Bilda får fortelle resten av historia.

hoppeslott pynta med ballongar. - Klikk for stort bileteKjekt med hoppeslott i barnehagen. Ann Christin Bonde Helliksen Unge som kryp gjennom ein grøn tunnel laga av stoff. - Klikk for stort bileteSpennande med tunnel. Ann Christin Bonde Helliksen Nora bles bobler saman med ein liten unge. - Klikk for stort bileteSåpeboblemoro. Ann Christin Bonde Helliksen Hjartefiskekaker. - Klikk for stort bileteGod lunsj! Ann Christin Bonde Helliksen