Fagdag om vald i nære relasjonar: For barna si skuld

Fagdag om vald i nære relasjonar: For barna si skuld

Korleis kan vi forstå, oppdage og hjelpe barn og foreldre som lever i skuggen av vald? Krisesenter for Sunnmøre inviterer til ein gratis fagdag i Ulsteinvik 2. desember og Ålesund 3. desember 2026

Sunnmøre Krisesenter

Fagdagen er for deg som arbeider i privat eller offentleg sektor og møter andre menneske gjennom jobben.

 Arrangementet er også ope for privatpersonar.

Kort om programmet

Gjennom faglege innlegg og personlege erfaringar får du kunnskap om korleis vald påverkar barn og foreldre, korleis du kan kjenne att teikn på vald, og korleis du kan møte menneske som er utsette. Programmet tek mellom anna opp adopsjon og utanforskap, barn på krisesenter, foreldresamarbeid og framhaldsvald etter samlivsbrot, og livet som forelder og valdsutsett.

Praktisk informasjon

2. desember 2026: Sunnmøre Folkehøgskule, Varleitevegen 7, 6065 Ulsteinvik

3. desember 2026: Bystyresalen i Ålesund rådhus, Keiser Wilhelms gate 11, 6003 Ålesund

Programmet er likt begge dagane

Tid begge dagane: Registrering frå kl. 08.00. Program kl. 08.30–15.30.

Pris: Gratis

Påmeldingsfrist: 22. november 2026

Kapasitet: 300 deltakarar på kvart arrangement

Servering: Enkel lunsj

Påmeldinga er bindande, og plassane blir fordelte etter førstemann-til-mølla-prinsippet.

Påmeldingsskjema

Krisesenter for Sunnmøre arrangerer fagdagen i samarbeid med dei 14 kommunane på Sunnmøre. Justis- og beredskapsdepartementet støttar arrangementet.

Detaljert program


08.00–08.30: Registrering og mingling

08.30–08.45: Opning av dagen
Cecilie Teunissen, leiar ved Krisesenter for Sunnmøre.

08.45–10.15: Adoptert og forlaten
Alexander Skadberg kombinerer eigne erfaringar frå adopsjon, barnevern, utanforskap og ein utrygg oppvekst med erfaring som fagperson. Han har lang erfaring frå arbeid med barn og unge i barnevernet og er medforfattar av boka Adoptert og forlatt – kampen for å finne hjem.

10.15–10.30: Pause

10.30–11.15: Korleis møte og forstå det vi ser når vi møter barn som er utsette for vald?
Steinar Sunde frå Familievernkontoret i Molde har gjennom 24 år arbeidd med om lag 1500 familiar der vald og skremming av barn har vore eit hovudtema. Han har utvikla det gratis tilbodet Littsint.no med videoar om sinnemestring på 11 språk.

11.15–11.45: Barn på krisesenteret
Lisa Minna Valderhaug og Martine Warberg frå Krisesenter for Sunnmøre.

11.45–12.15: Lunsj

12.15–13.00: Foreldresamarbeid og framhaldsvald etter samlivsbrot frå ein valdeleg partnar
Nora Starheim Ruud er kriminolog ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress. Ho arbeider med vald i nære relasjonar, erfaringane til valdsutsette og møtet deira med hjelpeapparatet.

13.00–13.15: Pause

13.15–14.15: Å vere forelder og valdsutsett
Ellen Roberg deler eigne erfaringar med vald og eit langt liv på hemmeleg adresse saman med dei fire barna sine. Ho underviser mellom anna ved Politihøgskolen og OsloMet, er medforfattar av boka Veien ut av vold, overgrep og utnyttelse og arbeider med førebygging av vald.

14.15–14.30: Pause

14.30–15.15: Korleis møte og forstå det vi ser når vi møter foreldre som er utsette for vald?
Steinar Sunde frå Familievernkontoret i Molde.

15.15–15.30: Avslutning