Fagdag for barnehagane i Ulstein.
Ulstein kommune
Gjennom dagen fekk tilsette forskingsbasert kunnskap og fagleg påfyll, og om korleis vi som profesjonsutøvarar kan styrkje arbeidet med å oppdage barn som lever med skadeleg omsorg, forstå utfordringar knytte til høgkonfliktfamiliar og støtte barns utvikling i dei første leveåra.
- Eit sentralt tema var kor viktig det er å byggje felles forståing, felles språk og felles praksis på tvers av fagområde og tenester. Når vi deler kunnskap, perspektiv og metodar, blir vi betre rusta til å sjå barnet si heilskaplege situasjon og handle tidleg når det er behov for støtte, seier barnehagefagleg rådgjevar i Ulstein kommune, Ann-Christin Bonde Helliksen.
Rådgjevar ved RVTS og professor ved NTNU, Øyvind Kvello.
Ulstein kommune
Dagen gav også viktige refleksjonar rundt korleis BTI (Betre tverrfagleg innsats) kan vere eit verktøy for å styrkje det tverrfaglege samarbeidet.
- Gjennom BTI arbeider vi meir systematisk og heilskapleg, slik at barn, unge og familiar opplever samanheng i tenestene og får rett hjelp til rett tid. Å investere i kompetanseutvikling handlar i siste instans om å styrkje kvaliteten i møtet med barn og familiar. Når vi som fagpersonar har kunnskap, tryggleik og felles retning i arbeidet vårt, aukar vi moglegheita for å gjere ein positiv forskjell tidleg i livet til barn og familiane i Ulstein, fortel ho.
- Takk til deltakarane for stort engasjement, gode spørsmål og faglege refleksjonar gjennom dagen. Saman utviklar vi tenester som set barnet i sentrum.