Er du vår nye leiar for heimetenesta?

Er du vår nye leiar for heimetenesta?

Etter at vår dyktige kollega har gått av med pensjon, søker vi i Ulstein kommune etter ein ny leiar for heimetenesta.

Omsorg i Ulstein scorar godt på nasjonale målingar og leverer gode tenester på ein ressurseffektiv måte. 

No ser vi etter deg som vil vere med å vidareføre og utvikle denne kvaliteten vidare.

Eining for heimetenester har ansvar for mellom anna heimesjukepleie, teneste for rus og psykiatri og praktisk bistand. Vi har nyleg ferdigstilt fleire omsorgsbustader, og flytta inn i nye og flotte arbeidslokale. 

Er du ein engasjert og strategisk leiar med blikket retta mot framtida, og ønske om å bidra til utvikling av berekraftige løysingar for framtida sine helse- og omsorgstenester?  

Då vil Ulstein kommune høyre frå nettopp deg!